STATENSVEGVESEN-KONGEVEGEN-21952.jpg

Om Kongevegen

Kongevegen over Filefjell frå 1790-åra var den første veg der ein kunne køyre med hest og kjerre mellom aust og vest, og erstatta den gamle ride- og kløvvegen. Partiet mellom Vang og Lærdal var det mest spektakulære på den Bergenske Kongeveg. I dag er vege eitt av dei finaste veghistoriske kulturminna i landet.

I uminnelege tider har menneska ferdast over Filefjell. Heilt frå mellomalderen hadde ruta over fjellet rykte på seg for å vere blant dei vanskelegaste og farlegaste i landet. Det var stor trong for forbetringar, slik at tilhøva for transport av folk og varer vart lettare, ikkje minst for dei mange offentlege tenestemenn som stadig farta i embets medfør.

Kongevegen over Filefjell var eit storstilt samferdsletiltak i si samtid. Vegen er bygd etter dåtida sin ideologi for vegbygging – «det franske prinsipp» - med mest mogleg rett lineføring, god drenering og ei godt oppbygd vegbane. Breidda var 4 meter. Slik start ingeniørane sin tidsalder, som frå no av skulle reformere den moderne vegbygginga.

Den 10 mil lange turvegen som er etablert langs Kongevegen over Filefjell ligg mellom Vang i Valdres i aust og Lærdal i vest. Vegen tek deg gjennom nokre av dei vakraste landskapa i Noreg frå innlandsbygdene i Valdres via høgfjellet på Filefjell og ned til det tronge og dramatiske fjordlandskapet inst i Sognefjorden. Ei reise mellom landsdelane med den historiske Kongevegen som ein gjennomgåande raud tråd.

Turvegen er ein variert tur mellom fjord, fjell og innlandsdal. Heile 45 av 100 km går på den autentiske vegen frå 1790-åra. Her kan du oppleve det franske prinsipp for vegbygging med rett linjeføring opp for bakke og ned for bakke. Her kan du oppleve dramatisk landskap gjennom ur med hengebratte fjell over og elva under deg. Her kan du gå fleire km på grasgrodd vegbane.

Planlegg din tur

Turvegen langs Kongevegen over Filefjell har varierande underlag av grus, gras, sti og asfalt. Vegen kan både vandras og syklas, men vær merksam på at anbefalt sykkelrute stadvis har ei anna trasé enn vandreruta. Det er fleire grunnar til det, anten er det bratt eller kronglete eller det er ynskjeleg å skjerme dei verna strekningane.

Sesongen for turar langs Kongevegen startar i overgangen april/mai nede i Lærdal og i Vang, mens over høgfjellet forsvinner snøen seint i juni. Juli og august er høgsesong, men en hausttur i september og oktober byr også på flotte opplevingar.

Anbefalte etappar

Den 10 mil lange turvegen kan deles i passlege dagsetapper om du vil gå heile vegen, men det kan være vel så fint å ha base hos ein av overnattingsbedriftene og ta dagsturar derfrå. Nokre spesielt flotte etappar og rundturar anbefalas:

#Kvamskleiva
#Øye stavkyrkje – Tyinkrysset
#Kyrkjestølen – Maristova
#Vindhellavegen
#Galdane
#Gamle Lærdalsøyri
#Vindhellavegen – Sverrestien (rundtur)
#Galdane – Seltunåsen (rundtur)