Opplev Kongevegen

Kyrkjestølen - Maristova

Fakta

Tidsbruk
10,7km
Avstand
2-4t

Beskrivelse

Mellom Maristuen og Kyrkjestølen går du på den fyrste hovudvegen mellom Bergen og Oslo. Det er ei spanande vandring over 10 km kor du kan oppleve måten ein tidlegare la vegen i terrenget på. Den karakteristiske rette linjeføringa var retningsgivande for vegbygginga på den tida. Frå Maristuen merkast det godt på pusten opp bakkane dei 7 skuffelser. Langs vegen er det sett opp skilt med forklaring på interessante vegtekniske løysingar. Frå vegens høgste punkt på 1200 moh. vil du få eit fantastisk utsyn til dei ville tindane i Hurrungane.

Den Bergenske Kongeveg vart bygd på slutten av 1700-tallet, og strekninga over Filefjell, mellom Vang og Lærdal, stod ferdig i 1793. I løpet av fyrste halvdel av 1800-tallet vart det gjort fleire store omlegginger og utbetringar av vegen. Det same vart gjort på byrjinga av 1900- talet, og etter 1960-åra, då bilen vart allemannseige. I dag ser vi atter ein gong store utbetringar og omleggingar av vegen over Filefjell.

Alle Kongevegar bygd på slutten av 1700-tallet vart laga etter det franske prinsipp med mest mogleg rett linjeføring, og med stor vekt på drenering og fundamentering. Prinsippet om dei rette linjer vart gjennomført uten særskilde hensyn til terrenget sin karakter. I Noreg førte det til at ein kunne få svært høge vegmurar i brattlendt terreng, og på stader kor ein i dag ville vurdert å legge vegen med terrenget.