Kongevegbedriftene

Opplev Filefjell
Emma_elv.jpg
_E3A1084.jpg

Om Opplev Filefjell

På fjellet midt mellom aust og vest syr vi sammen aktivitetar og guiding med flere ulike overnattingsalternativ.

Med eit hav av turmoglegheiter og ulike aktivitetar finn du noko for alle.

Overnatting:
Rom/leiligheiter: Sentralt plassert på Tyinkrysset like ved Kongevegen har vi 15 nyoppussa rom/leiligheiter til leige. Vi har både enkeltrom, dobbelrom og rom med familiekøye. Alle rom har trådlaust internett og eige bad med dusj og toalett. De fleste har også eit lite tekjøken med moglegheit for enkel matlaging. Vidare er det eit fellesrom med tilgang til eit fullt utrusta kjøken, sofagruppe, lesehjørne og spel. Om du har behov for å vaske klede under opphaldet fins det også eit eige vaskerom du kan nytte.

Camping: Om du heller vil setje opp teltet ditt kan du nytte deg av campingplassen vår som har eige sanitæranlegg.

Fjellhytter: Vi har fleire fjellhytter som ligg heilt for seg sjølv med moglegheit for fiske frå båt.

Aktiviteter & guiding:
Vi tilbyr noko for alle og skreddersyr gjerne eit opplegg om du har eigne ønsker. Ta kontakt med oss.

Kva med aurefiske, «reinsdyrjakt» m/reinsdyrgryte, fjellvandring, topptur, overnattingstur eller aktivitetar og konkurransar for ei gruppe?

Fortel oss kva du vil oppleve og vi strekk oss langt for å få det til.

Velkommen!

 

 

Emma_mat.jpg
Fjellaktivitetar med Opplev Filefjell
Heile året
Alle
_DSC3017.jpg
Bu hjå Opplev Filefjell
Heile året
Alle
OpplevFilefjell BogB (3 of 7).jpg
Emma & Sven Richard
Tlf (+47) 419 34 224 / (+46) 70 295 6577