Velkommen til stølen i Sanddalen!
På nordsida av Vangsmjøsa i Vang i Valdres ligg stølsgrenda Sanddalen med seks støler.
På ein av desse vart det i 1996 teke opp att stølsdrift med kyr og geiter. Stølen blir driven på gamlemåten med handmjølking, kinning i tretønne og ysting med vedfyring. Reidskap og metodar er stort sett slik dei var då den siste budeia la ned drifta på 60-tallet. I dag er drifta styrt ut i frå personleg interesse for kultur, tradisjon og natur
Me har ope kvar måndag, onsdag og laurdag kl. 12.00–17.00 i tida frå 5. juli til 23. august 2023.
Andre dager på bestilling på SMS til 990 09 584 seinast klokka 12 dagen før. Torsdagar er det stengt.
Ingen internett, betalingsterminal eller mobildekning på stølen, kun sms.
Dette er ingen kafè med c, og serveringa er enkel.
Stølsvegen frå Vangsmjøsa og opp til stølen er privat (cirka 7 kilometer) og kostar 60 kroner.
Velkommen! (film av Innlandet fylkeskommune, Kulturarv)