Bu og ete langs Kongevegen

Bu på Sanden pensjonat

Fakta

Tilgjengelig
Heile året

Beskrivelse

Sanden pensjonat gjev deg eit triveleg og personleg overnattingstilbod i den gamle delen av Lærdal sentrum - gamle Lærdalsøyri.

Sanden pensjonat vart fyrst etablert i 1897, men bygningen vart oppført allereie på 1840-talet.

Pensjonatet, som er varsamt renovert og miljøsertifisert, har åtte gjesterom.

Fire av romma har private bad og fire rom deler eitt bad på gangen.

I fyrste etasje finn du salongen, som òg er frukostrom, og utanfor er ein triveleg gjestehage.

Pensjonatet har ope heile året.

Sanden Pensjonat
Les mer
Sanden foto Hallgrim Rogn (24 of 25).jpg
Jon E. Tamnes og Hallvard Trohaug
(+47) 57 66 64 04 / (+47) 47 66 99 09