Tenester langs Kongevegen

Den Gule Krambua

Fakta

Passar for
Alle
Pris
High-end
Tilgjengeleg
Heile året

NB: Bilder frå leiligheten vil bli lagt ut fortløpande i takt med sluttføringa av renoveringa.

Jan Henrik Nitter Hansen er ein av dei mest suksessrike forretningsmennene som har levd på Vestlandet.

Ein av eigedomane han arbeidde frå, var ei gul krambu i hovudgata til handelstaden Lærdalsøyri, der Sognefjorden møtte land og trafikken gjekk aust-vest på Kongevegen rett utanfor døra.

No kan denne krambua frå 1852 bli heimen din.

Leiligheten ligg i andre høgda, der Jan Henrik Nitter Hansen hadde lagerromma sine på midten av 1800-talet.

I dag har det eine lageret fått stove, kjøken og bad. Det andre er blitt eit oskariansk soverom med ei deilig dobbeltseng. Øvsteloftet er blitt hems med fire senger. 

Opp til 6 personar kan bu i Den Gule Krambua, som står ferdig renovert i juni 2020. 

Romma er forsiktig renovert og detaljar frå snart 170 år med næringsdrift er samvitsfullt teke vare på og innlemma i den moderne leiligheta.

Inngangen er gjennom dobbeltdøra med overlys på baksida. Her er nøkkelboks. Du kan altså sjekke inn når det måtte passe (etter kl. 15.00).

Hjarteleg velkommen!

Den Gule Krambua er totalrenovert etter privat initiativ og med støtte frå Norsk Kulturminnefond.

 

Den Gule Krambua
Les mer
IMG_6207.jpg
Odd Helge Brugrand
(+47) 400 65 069