Opplev Kongevegen

Ellingbø Gard

Fakta

Passar for
Par og familiar med born
Tilgjengeleg
Heile året

Hjå oss kan du bu på stølen Helin, der vi har ei lita tømmerhytte, nokre kilometer frå garden.

I laftehytta kan du og dine bu for ei natt eller to, eller så lenge du vil. Hytta har stor takhøgde og rikeleg med sjarm.

Her på stølen er vi sjølv seks veker om sommaren. Rundt oss på stølslaget er det sau, storfe og hestar. Å delta på mjølkestellet er ei oppleving for liten og stor. For mange er eit opphold på stølen som ei reise bak i tid, og ein stad der tida går litt saktare.

Året rundt er det eit utal aktivitets- og turmoglegheiter her.

Du kan også bu i Olavstøga, eit toetasjes tømmerhus frå 1840-åra.  Her er ei varm og gamaldags atmosfære, men med moderne løysingar. 

Olavstøga ligg på garden vår, Sørre Ellingbø, rett opp for Vang kyrkje. Frå garden er det utsyn over vakre Vangsmjøsa og dei bratte vangsfjella.

 

 

 

Ellingbø Gard
Les mer
thumbnail_IMG_5288[1].jpg
Eivind og Eli
(+47) 926 94 609