Sanden pensjonat gjev deg eit triveleg og personleg overnattingstilbod i den gamle delen av Lærdal sentrum - gamle Lærdalsøyri.
Sanden pensjonat vart fyrst etablert i 1897, men bygningen vart oppført allereie på 1840-talet.
Pensjonatet, som er varsamt renovert og miljøsertifisert, har åtte gjesterom.
Fire av romma har private bad og fire rom deler eitt bad på gangen.
I fyrste etasje finn du salongen, som òg er frukostrom, og utanfor er ein triveleg gjestehage.
Pensjonatet har ope heile året.