Servering av rømmegraut med spekemat og lapper/kaffe. Sal av brunost, pultost, rømme og smør.
Her blir det drive stølsdrift på tradisjonelt vis med ku og geit med handmjølking, kinning og ysting.
Andre dyr: Kopplam og hester. 2–3 timers gange på merka sti til DNT hytta Tomashelleren.
Opningstider 2023:
Ope kvar måndag, onsdag og laurdag kl. 12.00–17.00 i tida frå 5. juli til 23. august 2022.
Andre dager på bestilling på SMS til 990 09 584 seinast klokka 12 dagen før. Torsdagar er det stengt.
Ingen internett, betalingsterminal eller mobildekning på stølen, kun sms. Ta med kontantar. Bomveg kr. 60.
Dette er ingen kafè med c, og serveringa er enkel.