Tenester langs Kongevegen

Tyinkrysset Fjellstue

Fakta

Tilgjengeleg
Heile året

Tyinkrysset Fjellstue ønsker gjester velkommen gjennom heile året.

Kaker, lunsj- og middagsrettar blir servert med eit smil, og oppskriftene er gjerne henta frå bygda vår og varierer etter sesong.

Lokale råvarer og historien bak maten får du på kjøpet!

Vi tilbyr ein uformell møteplass og ein naturlig stoppestad langs Kongevegen midt mellom aust og vest. Ei fjellstove med god mat og triveleg stemning, som gjerne også huser selskap og møter!

Vi gleder oss til å sjå deg!

Tyinkrysset Fjellstue tilbyr:

  • Kafè
  • Restaurant (sesongbaserte opningstider)
  • Fjellpub m/TV, dart og foosball (sesongbaserte opningstider)
  • Stove m/utlån av spel og bøker i ein avslappa atmosfære
  • Barnerom
  • Aktivitetar (annonseres gjennom året)
  • Møterom m/prosjektor
  • Uteservering
  • Elbil-ladarar
  • Gode parkeringsmoglegheiter
  • Direkte tilknytta kollektivtransport (Øst/Vest-Xpressen/Valdresekspressen)
  • Svært sentral plassert langs E16

 

Tyinkrysset fjellstue
Les mer
IMG_7367.JPG
Line Margrethe Svien
(+47) 61 36 78 00