Kva skjer?

Filefjellsdagane
03.-11. august 2019
Kyrkjestølen, Filefjell, Kongevegen

Filefjellsdagane

Typisk for Filefjell sin historiske rolle i Norge og vest-Skandinavia, så har også Kyrkjestølen vore møteplass for folk frå nord og sør og mellom Austlandet og Vestlandet i hundrevis av år.

Møta mellom menneske frå mellomalderen av på Kyrkjestølen og rundt stavkyrkja som stod her, er vidgjetne, berømte og berykta.

Aagot Monson driv Kyrkjestølen i dag og ho har teke opp att tradisjonen med Filefjellsdagane. Tradisjonell bruk av fjellet er grunnlaget for festivalen, noko som betyr eit vidt spenn av aktivitetar gjennom veka.

Festivalen i år vil femne frå trivelege familiedagar, til fotoforedrag om fuglar på Filefjell, til geocathing, bunadsopptog, songar og segner frå Valdres og Indre Sogn, og konsertar - mellom anna med Bergen Shantykor.

Og mykje meir! Sjå fullt program: www.kyrkjestolen.com

Laurdag 10. august skjer den tradisjonelle marknaden på Kyrkjestølen. Og sjølvsagt kan du vandre på Kongevegen!

(Foto: www.vangivaldres.no)

Les mer