
COVID19-info
Kongevegen blir eit naturleg og attraktivt reisemål no når det blir oppfordra til heimesommer og ferie i Norge. Her kan du lese kvifor.
Styresmaktene rår oss til å vere aktive, og at vi følger smittevernråda mens vi er det. Råda er å vaske hendene skikkeleg og ofte, halde avstand til andre og ikkje overskride tilrådd tal personar i ei gruppe.
I ein slik samanheng er ferie og turpakker på Kongevegen ei god løysing i år:
- Kongevegen er ute i naturen, i skog og fjell
- Det er langt mellom folk - turvegen Kongevegen er ein 100 kilometer lang vandreveg, delt opp i 13 ulike delstrekningar
- Turvegen Kongevegen er brei - opp til 6 meter, med unnatak av der vegen er redusert til sti. Du kan passere andre med éin til fleire meters avstand
- Som gjest bur du som oftast i enkeltståande hytter for 2 og 4 personar eller i enkeltståande leiligheiter for 2 til 5 personar. Du bur kun med ditt eige reisefølge. I pensjonat/hotell bur du i rom for 2 personar (eige reisefølge) med lita eller ingen kontakt med betjeninga
- For gjester som kjøper turpakker blir frukost lagt inn i kjøleskap i hyttene/leiligheitene. Her er kjøken der du sjølv kan lage alle måltid. Bur du i pensjonat/hotell løyser vertane det på ulike måtar, der éi løysing er at du får frukost på eit brett som du hentar til rommet ditt.
- Der ei kongevegbedrift skal køyre gjestene til vandrestart i turpakkene, blir smittervernomsyn ivareteke, ofte betyr det avstand og/eller færre passasjerar i køyretøyet per tur.
- Kongevegbedriftene følger dei til ein kvar tid gjeldane råd frå styresmaktene ang. avstand og reinhald
I tillegg har Kongevegen følgande råd:
- På benkar, hedlerar og andre sitjeplassar; sit med avstand til kvarandre
- På bruene; vent gjerne til andre har passert slik at du ikkje møter folk midt på. Nokre av kongevegbruene er smale
- Der Kongevegen kun er ein sti; gå til side og vent til andre har passert
Turpakkene finn du her: Kongevegen turpakker
Hjarteleg velkommen!