Kongevegen er fin og brei.
Kongevegen er fin og brei.

Midlertidig stenging av Kvamskleive

Det er berre nokre hundre meter opp frå parkeringsplassen ved Neset at Kongevegen over Kvamskleive er mellombels stengt. Resten av delstrekninga og alle andre delstrekningar på Kongevegen er heilt opne.

På grunn av sprenging av ny E16-tunnel under Kvamskleive, er deler av delstrekninga «Kvamskleive» mellombels stengt fram til byrjinga av juli i år.

Stenginga gjeld frå parkeringplassen ved Neset og opp til Galden, ei strekning på nokre hundre meter.

Årsaken er tryggleik. Sprenginga inne i fjellet kan utløyse steinsprang.

Du kan likevel gå resten av delstrekninga Kvamskleive. Alternativ inngang blir i den vestre enden, ved Søndrol. Her er parkering. Du kan gå frå Søndrol til området ved Galden og snu tilbake. På vegen kan du stikke nedom gårdstunet til gamle Kvam lensmannsgard.

Statens Vegvesen håpar å vere ferdig med drivinga av tunnelen i byrjinga av juli. Då vil Kongevegen over Kvamskleive opne igjen. 

Oppdatert 5. mars 2021.