Vilkår ved kjøp av pakketurar på Kongevegen over Filefjell

Kongevegbedrifter Filefjell SA er eit bedriftsnettverk for verksemder (overnattingsstadar/matstadar) og andre sørvistilbydarar langs Kongevegen over Filefjell i Vang og Lærdal kommunar.

Pakketurar som blir presentert på nettstaden www.visitkongevegen.no og www.visitkongevegen.com er arrangert og blir selt av Kongevegbedrifter Filefjell SA.

  • Ved betaling av faktura for pakketur på Kongevegen over Filefjell i regi av Kongevegbedrifter Filefjell SA aksepterer du samstundes vilkåra du no les.

Kundane forpliktar seg til å setje seg inn i det som er relevant for tenesta du ønsker å kjøpe.

Kongevegbedrifter Filefjell SA tek atterhald om eventuelle trykkfeil i prislister og brosjyrar, samt informasjon som er distribuert på internett.

1 BETALING AV PAKKETUREN

Om ikkje anna blir avtalt vil pakketuren med evt. tilleggsordrar bli førehandsfakturert med 100 % av beløpet ved bestilling. Pakketuren må vere betalt for at kunden har sikra seg plassen.

Om kunden nyttar seg av aktivitet/opplevingar under vandringa som ikkje er ein del av pakketilbodet, skal betaling skje til tilbydar.

Kongevegbedrifter Filefjell SA kan likevel ta imot bestilling av aktivitet/opplevingar under vandringa som er nemt som add-ons eller tilleggstilbod i turpakka. Tilleggstenesta blir då fakturerert frå Kongvegbedrifter Filefjell SA.

  • Viss heile summen på faktura ikkje er inne på konto i løpet av 10 dager, står Kongevegbedrifter Filefjell SA fritt til å disponere den bestilte turpakka til andre gjester.

Innbetaling til kontonr. 2146.40.75779 (husk å vise til fakturanummer).
Kongevegbedrifter Filefjell SA, Org.nr: 918 332 732

 

2 AVBESTILLING

2.1 Generelle avbestillingsreglar for pakketuren

Ordren kan avbestillast inntil 3 veker/21 dagar før opphaldet/aktiviteten skal byrje mot eit avbestillingsgebyr på 400 norske kroner.

  • Ved avbestilling seinare enn 3 veker før aktiviteten skal byrje, vil Kongevegbedrifter Filefjell SA behalde 100 prosent av pris.

Dersom du er usikker på om du kjem til å benytte deg av turpakka og eventuelle tilleggsytingar, anbefalar vi at du teiknar ein reiseforsikring/avbestillingsforsikring.

2.2 Reglar under turen

Hendingar ved overnattingsstad og stadar du kjøper tilleggstenester frå under vandringa, er ei sak mellom deg og tilbydar. Kongevegbedrifter Filefjell SA står kun ansvarleg for tilbodet i pakkene.

 

3 REISE- ELLER ULUKKESFORSIKRING

Kongevegbedrifter Filefjell tilbyr ikkje reise- eller ulykkesforsikring på turane/aktivitetane våre. Vi anbefaler at den enkelte deltakar teiknar eigen reise- og ulukkeforsikring.

 

4 HELSEOPPLYSNINGAR

Deltakar(ane) pliktar å opplyse om alle helsemessige formalitetar som kan ha betydning for tryggleiken under under vandringa og aktivitetane.

4.1. Risiko ved vandring/sykling

Kongevegbedrifter Filefjell SA fråseier seg økonomiske plikter som følge av skade på personar/utstyr.

4.2 Ved dårlig vêr

Kongevegbedrifter Filefjell SA fråseier seg økonomiske plikter om vêret eller andre forhold gjer at du ikkje kan gjennomføre aktiviteten du har betalt for/bestilt.

4.3 Force Majeure

Hendelsar utenfor Kongevegbedrifter Filefjell SA sin kontroll som streik, lockout, brann, manglande leveransar etc. gir Kongevegbedrifter Filefjell SA rett til å heve aktiviteten utan erstatningsansvar.

Kongevegbedrifter Filefjell SA Kt.nr. 2146.40.75779 info@visitkongevegen.no 2975 Vang i Valdres Org. nr. 918 332 732 www.visitkongevegen.no

 

5 KJØPARS PLIKTER

Deltakar på pakketurane plikter å følge vilkåra hjå den enkelte overnattingsstaden dei bur på, eller vilkåra til tilbydaren av andre tenester langs Kongevegen over Filefjell.

Deltakarane pliktar å ha på seg klede og utstyr etter forholda under vandringa/aktiviteten.

Deltakar på pakketurane pliktar å ha omtanke for Kongevegen som kulturminne og skal ikkje gjere skade på veglegemet og/eller tilhøyrande anlegg, eller endre noko på kongevegen og dens anlegg.

Deltakarane skal ta all søppel/avfall/flasker med seg og levere i godkjend bosscontainer/avfallstad. Ingenting skal etterlatast langs kongevegen eller i naturen.

 

6 SELGARS PLIKTER

Kongevegbedrifter Filefjell SA plikter å legge til rette for at innhaldet i pakkene blir tilstrekkeleg kommunisert ut til tilbydarane slik at kunden får det han/ho har betalt for.