Har du til gode å få din første fjellaure på isen eller har du kanskje barn som draumer om å fiske gjennom eit hol i isen?
Sjansen er stor for at me skal klare å lure ein aure eller to i løpet av dagen. Her er det berre å nyte noko varmt frå termosen mens me prøver. Ein dag med nesa i holet på isen går fort.
Om me går på ski, truger eller hoppar på ein snøscooter bestemmer du! Truger er eventuelt inkludert.
Isfiskeutstyr er inkludert. Snacks og eit måltid ute på isen er inkludert.
Husk gode sko og ta med deg nok klede.
PRIS: 990,- NOK per pers. (min. 2 pers.)
Inkludert: Lokal guide, fiskeutstyr, fiskekort, snacks, truger eller scootertransport.