Opplev kongevegen

Fjellfiske med guide

Fakta

Passar for
Alle
Tilgjengeleg
Heile året

Bli med på jakt etter fjellauren på Filefjell!

Me kosar oss framføre bålet blant vakande aure i fjellvatn.

Får me fisk, tilbereder me den mens me er ute. Eller me tek den med heim til steikepanna. Det er lite som slår nysteikt, sjølvfiska fjellaure! 

Turen blir lagt til det fjellvatnet som passar for deltakaranes forutsetnader og ønsker, samt vêr og vind.

I enkelte område kan me nytte båt. Er me heldige møter me rype, reinsdyr og ørn

Turen byrjar kl. 16.00 og passar både for nybyrjararar og den som har røynsle med å fiske. 

Turen varar i 4 timar.

Inkludert i prisen: Lokal guide/kjentmann, fiskeutstyr, fiskekort, snacks og evt. båt og flytevestar.

NB: Minimum 2 påmelde eller minimum 1200,- NOK. Dersom turen må kansellerast vil innbetalt beløp bli refundert i sin heilheit.

Velkommen til fjellfiske!

Opplev Filefjell
Les mer
OpplevFilefjell BogB (3 of 7).jpg
Emma & Sven Richard
Tlf (+47) 419 34 224 / (+46) 70 295 6577