Opplev kongevegen

Inngang Borgund stavkyrkje og tur til Vindhella med guide

Fakta

Tidsbruk
2-3 timar
Avstand
1,7 km.
Vanskelegheitsgrad
Enkel
Tilgjengeleg
Dagleg 1. juni - 31. august

Nasjonalklenodiet Borgund stavkyrkje er den best bevarte stavkyrkja i verda. Ingeniørbragden Vindhella er den mest berømte delstrekninga av Kongevegen over Filefjell. Bli med til begge i ei og same pakke!

Du startar i besøkssenteret med stavkyrkjeutstilling, vikingutstilling, kafé og butikk før du går til stavkyrkja og opplever middelalderens mystikk. Du gjer dette på eiga hand og lyttar til guidane i kyrkja. Billetten gjeld for heile dagen. Ta med kvittering/voucher (papir eller mobil) som du får tilsendt etter å ha bestilt her.

Deretter møter du ein Kongevegen-guide ved stavkyrkja og blir med opp austsida av Vindhella til toppen av dei berømte hårnålsvingane. 

På vegen får du lære om Kongevegen og om bygginga av meisterverket som bugtar seg på høge murar ned gjennom fjellpasset. Sjå også kvifor Vindhellaskaret var den smalaste passasjen mellom aust og vest i gamal tid og eit strategisk kontrollpunkt. Her er bygdeborg, truleg eldgamle forsvarsanlegg og kanskje åstaden for eit birkebeinerbakhald.

Etter ei stund ved svingane snur guiden og går tilbake til stavkyrkja. Du blir med, eller du kan gå på eiga hand ned til Rimskjold eller ta rundturen over Sverrestigen tilbake til stavkyrkja.

Inngang stavkyrkja: Dagleg klokka 12.00 ved besøkssenteret
Start Vindhella-tur: Dagleg klokka 13:30 ved stavkyrkja
Avslutning av tur: Tilbake ved stavkyrkja

Tidsbruk: Opp til deg. Inngangen til stavkyrkja er dagsbillett
Tidsbruk Vindhella-tur: cirka 1 time+

Påmelding: Ved å booke online på denne sida
SPRÅK: Norsk, engelsk ved behov

Inkludert: Inngang stavkyrkje og besøkssenter, guide tur/retur Vindhella.

Under kan du velge mellom å bestille inngang stavkyrkja + guida tur til Vindhella, eller berre guida tur til Vindhella: