Kongevegbussen køyrer rute frå Lærdalsøyri til Tyinkrysset og tilbake.
Bussen tek passasjerar, bagasje og hund.
I år blir ruta køyrt i samarbeid med Norway's Best og bussen Flåm-Lærdal/Borgund. Det er sett inn ein større buss Lærdalsøyri-Borlaug. Foreløpig kan du møte opp på haldeplassen. Det er per no ikkje mogleg å bestille her på sida.
Dagleg kongevegbuss frå Lærdalsøyri (24. juni - 20. aug)
- 09.45 Lærdal rådhus
- 10.10 Sjurhaugen (Galdane)
- 10.25 Borgund stavkyrkje/Vindhella
09.10 10.35 Borlaug*
09.20 10.45 Maristova
09.35 10.55 Kyrkjestølen
09.50 11.05 Tyinkrysset
Tidlegruta frå Borlaug kl. 09:10 korresponderar vidare til kongevegstrekningane i Vang med Valdresekspressen NW160 som går frå Tyinkrysset kl. 09:58
*Ruta frå Borlaug kl. 10.35 går berre om det er passasjerar frå Borlaug og så langt passasjeren skal
Dagleg kongevegbuss retur frå Tyinkrysset (24. juni - 20. aug)
10.00 - Tyinkrysset
10.10 - Kyrkjestølen
10.25 - Maristova
10.35 - Borlaug
10.50* 15.30 Borgund stavkyrkje/Vindhella
11.00 15.40 Sjurhaugen (Galdane)
11.15 16.10 Lærdal rådhus**
*Buss til Aurland og Flåm klokka 11.55
**Du skifter buss på Håbakken
Kongevegbussen tek ikkje syklar i 2023. Sykkeltransport (opp til 20 syklar samstundes) kan førehandsbestillast hjå Solheim Taxi.
Prisar:
Heile strekninga kr. 290,-
Lærdal-Borgund/Borlaug kr. 190,-
Borgund/Borlaug-Tyinkrysset kr. 190,-
Kongevegruta blir køyrt i samarbeid med Norway's Best og bussen Flåm-Lærdal/Borgund. Ruta køyrer E16 frå Lærdalsøyri til Sjurhaugen, så gamle E16 til Borgund stavkyrkje. Vidare nye E16 forbi Maristova med stopp på busstoppen aust for Maristova på tur og retur. Bussen køyrer gamle E16 forbi Nystuen og Filefjellstuene på tur eller retur.
Denne ruta finn du ikkje på Skyss eller andre nettstadar for rutebussar. Kongevegbussen er ei ekstrarute sett opp deg som vandrar på, eller nyttar aktivitetar ved, Kongevegen.
Operatør: Solheim Taxi og Flåm bilutleie i samarbeid med Kongevegbedrifter Filefjell SA og Norway's Best AS.