Etter at mørket har lagt seg gjer me klar trugene og pakkar sekken. Etter ein kort køyretur startar me turen. Kvar me ender avhenger av vêr- og føreforhold.
Spelar vêret på lag vil me kunne oppleve vinterkledde fjell som badar i månelyset. Uansett vil hodelyktene våre kunne avsløre revefantens krumspring eller dei spretne hoppa til fjellharen.
Etter å ha gått passe langt brer me ut reinfellene og fyrer opp eit lite bål dersom vêret tillet det.
Med noko varmt i koppen og noko enkelt å bite i er det berre å lene seg tilbake, ta inn stilla i fjellheimen og drøyme under stjernehimmelen.
Eller la fjellpraten gå rundt bålet.
Her har du høve til å stille alle spørsmåla du måtte lure på om friluftsliv. Om Filefjell. Om Kongevegen. Om villmarka. Guiden har lang erfaring med friluftsliv og har budd ute i to år!
Lengde: 2-3 timar.
PRIS: 990,- NOK per pers. (min. 2 pers.)
DETTE ER INKLUDERT:
- Lokal guide blir med
- Lån av truger
- Lån av staver
- Lån av hovudlykt
- Reinfeller til å sitje på
- Varm drikke
- Enkle lokale matbiter
- Bålkos
- Ville fjellet. Frå bålplassen ser du ikkje kunstig lys frå sivilisasjonen
NB: Atterhald om vêret! Nokre gonger opplever me månelys og kanskje stjernehimmel. Andre gonger er det overskya. Er vêret så dårleg at me må avlyse får du pengane attende.
KRAV TIL DEG:
- Du er i normal fysisk form
- Du vil gå på truger
- Du er kledd i klede og utstyr som duger for ein kald kveld på fjellet: varmt undertøy på underkropp og overkropp, vanntett/vindtett bukse, tjukk/varm genser, varm lue som dekker øyrene, vanntett/vindtett jakke, klede som dekker halsen, votter, tjukke sokker og sko meint for fjelltur
- Du følger råda til guiden og tenkjer tryggleik saman med han
NB: Bildet er teke på veg inn til ein av stadane som det er aktuelt å besøke (Foto: Sven Richard Møller)