Opplev kongevegen

Omvisning Låvemuseet

Fakta

Passar for
Alle
Pris
NOK 150,- per person
Tilgjengeleg
Kvar sundag kl. 10-14. Ellers på bestilling.

I Låvemuseet kan du studere det meste av utstyr brukt av kvinner i heimen og i gardsarbeidet i gamle dagar.

Museet ligg i Øvre Dalen ovanfor Øye, langs delstrekninga Øye stavkyrkje-Tyinkrysset.

Her er tid for refleksjon og ettertanke, for å bla i gamle album og i aktuelle bøker. Og kanskje vil du prøve veven og studere handarbeidsteknikkar?

Tidsspennet i museet strekk seg over eit par hundre år.

Vi tek imot grupper på bestilling og etter avtale året rundt. 100 kroner per person, minimum 400 kroner, for ein time.

I tillegg til omvisning i museet, kan vi ta ein runde langs elva, langs etterkommaren av kongevegen (1859-vegen med årstall i fjellet og opp til fem meter høge murar), og studere det rike plantelivet, som mellom anna orkidear.

  • Opningstider frå 21. juni til 13. august 2023: 
    Kvar dag 10-14.
    Andre tider på bestilling. 

 

Låvemuseet - samling frå levde liv
Les mer
IMG_4584.JPG (1)
Aud Kvale
(+47) 9520 5852