Bli med på jakt etter fjellauren på Filefjell kvar onsdag!
Me kosar oss framføre bålet blant vakande aure i fjellvatn.
Får me fisk, tilbereder me den mens me er ute. Eller me tek den med heim til steikepanna. Det er lite som slår nysteikt, sjølvfiska fjellaure!
Turen blir lagt til det fjellvatnet som passar for deltakaranes forutsetnader og ønsker, samt vêr og vind.
I enkelte område kan me nytte båt. Er me heldige møter me rype, reinsdyr og ørn.
Turen byrjar kl. 17.00 og passar både for nybyrjararar og den som har røynsle med å fiske.
Inkludert i prisen: Guide/kjentmann, fiskeutstyr, fiskekort, snacks og evt. båt og flytevestar. Turen varar i 4 timar.
NB: Minimum 2 påmelde eller minimum 1200,- NOK. Dersom turen må kansellerast vil innbetalt beløp bli refundert i sin heilheit.
Velkommen til fjellfiske!
I tillegg til aurefiske tilbyr me også følgande:
- Spektakulære sykkelturar
- «Reinsdyrjakt» m /reinsdyrgryte
- Toppturar og fjellvandring
- Overnattingsturar av ulik lengde
- Aktivitetar og konkurransar for grupper
På fjellet midt mellom aust og vest tilbyr Opplev Filefjell noko for alle og skreddersyr gjerne eit opplegg om du har eigne ønsker. Fortell oss kva du vil oppleve.
Velkommen!