Har du lyst til å prøve truger for første gong har du sjansen no.
Eller kanskje ønsker du ein roleg skitur saman med ein lokalkjend guide?
Fellesnemnaren for truge- eller skituren er at me legg opp til ein enkel og roleg kosetur. Me legg inn ein lunsjpause og nyt noko varmt frå termosen. Kanskje finn me ein fin plass som ligg i le for vinden slik at du kan grave deg ein sofa og utvide lunsjpausa?
Husk gode sko og ta med deg nok klær. NB: Ta med eigne ski om det er skitur du vil gå.
PRIS: 990,- NOK per pers. (min. 2 pers.)
Inkludert: Truger, lokal guide, enkel lunsj.