Opplev kongevegen

Sykkel- og fisketur i fjellet

Fakta

Vanskelegheitsgrad
Middels
Tilgjengeleg
Juli - September

Me pakkar fiskesakene og pumper luft i dekka og tilbringe dagen på grusvegen innover Valdresdalen på Filefjell uten å møte ein einaste bil (og kanskje ikkje eit einaste menneske).

Oppoverbakkane gjer me oss ferdig med i starten av turen og etter det flater terrenget ut. Kor langt me syklar tilpassar me etter ditt ønske og dagsformen.

Ved eit av fiskevatna tek me oss ein kvil og finn fram fiskestengene og prøver å lure ein fjellaure eller to. Dersom me får fisk tilbereder me den til lunsj. Det er lite som slår nysteikt fjellaure!

Om du har lyst og me har tid kan me også legge inn ein topptur undervegs. Me serverer uansett heimelaga lunsj med lokale råvarer avhengig av kva som er tilgjengeleg. Dette kan til dømes vere reinsdyrgryte.

Turen kjem på mellom 20 og 40 kilometer. Du må ha terrengsykkel for denne turen. Hugs ekstra klede.

PRIS: 990,- NOK per pers. (minimum 2 pers.)

Inkludert er guide, sykkeltransport, fiskekort og enkel lunsj. 

Ønsker du å leige sykkel er me hjelpsame med det for eit tillegg på 200 kroner.

Opplev Filefjell
Les mer
OpplevFilefjell BogB (3 of 7).jpg
Emma & Sven Richard
Tlf (+47) 419 34 224 / (+46) 70 295 6577