Bli med på eit minikurs i kunstmaling på Løytnantsbryggja, i enden av Kongevegen.
Her inviterar lokalkunstnar Kristen Olav Grøttebø til eit minikurs i maling. Saman skal de male eit 20x20 motiv kalla «typisk Lærdal» og lære enkle teknikkar korleis kunstmaling kan gjerast. «Typisk Lærdal» er signaturmåleriet til Grøttebø.
Minikurset er kvar laurdag klokka kl. 13-15 i atelieret eller galleriet på Løytnantsbryggja. I tida 24. juni til 20. august er kurset kvar laurdag kl. 10-12.
Akkurat på denne bryggja la jektene til kai med varer og gods som skulle aust-vest på Kongevegen i gamle dagar.
Staffeli, plate, maling, pensel - alt utstyr du treng - er inkludert i prisen.
Du berre møter opp til ein hyggeleg avveksling på Gamle Lærdalsøyri. Måleriet du målar får du sjølvsagt med deg heim. Då har du laga ditt eige minne frå Lærdal. Kurset er for både tilreisande og fastbuande.
NB: Avgrensa med plass. Dei 5 første som bestiller har prioritet.
Ved fleire påmelde kan desse bli flytta til eit seinare tidspunkt samme dag eller dagen etter.
Velkommen!