Opplev kongevegen

Nasjonalt Villakssenter

Nasjonalt Villakssenter ligg på breidda av Lærdalselvi og syner livshistoria til Atlanterhavslaksen.

Det er eit naturinformasjonssenter, der du mellom anna kan sjå inn i eit observatorium med villaks frå Lærdalselvi.

Senteret gjev dei besøkande innsyn i livshistoria til Atlanterhavslaksen, forvaltinga av dei ville laksestammane og tradisjonane kring laksefisket.

Lærdalselvi er ein av dei mest kjende og eksklusive lakselevane i Norge.

I bygget ligg også Lærdal kulturhus.

I same bygg ligg også Sogn kunstsenter. 

Like før Lærdalskunstneren Hans Gjesme døydde i 1994 gav han heile livsverket sitt til Lærdal kommune. Omlag 1700 kunstverk er registrert så langt og blir teke vare på av kunstsenteret, som opna i juni 2011.

Sogn kunstsenter er ein del av Sogn og Fjordane kunstmuseum som igjen ligg under Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane.