Opplev kongevegen

Rundtur: Honingane - Maristova

Fakta

Tidsbruk
0,5 - 1t
Avstand
1,7 km
Vanskelegheitsgrad
Enkel
Passar for
Alle

Dette er ein rundtur i eit gamalt stølsområde med bygningar frå mellomalderen, og med mange restaurerte historiske bruer.

Du kan starte ulike stadar, som ved nye E16-brua, eller ved avkøyringa til Maristova. Du kan også starte oppe ved Maristova. Då er rundturen i underkant av 4 kilometer lang.

Det er parkering i området ved den nye E16-brua og ved avkøyringa til Maristova. Det er også parkering ved Maristova.

Om du startar på Maristova får du med deg mest. Like nedanfor Maristova møter du straks på dei to flotte trebruene som kryssar elva Smedøla. Bruene er bygd etter generalvegmester J. C. Hammer sin «Vejinstrux» frå 1794.

Slike bruer stod her då kongevegen var ferdig i 1790-åra, og Hammer budde i Margretestuen på Maristova medan kongevegen vart bygd.

 

MANGE BRUER

Rundturen Honingane - Maristova er eit studie i bruer og brubygging. Minst sju ulike bruer i tre, stein eller betong, er å sjå frå ulike tidsepokar, frå 1794 til 2016.

Kongevegen går vidare på rette, graskledde strekningar nedover. Så må du krysse E16, men ver merksam, for europavegen går i ei slak kurve her.

Etter kryssinga kan du ta til høgre og gå ned til dei eldste Honingbruene, mellom anna ei sprengverksbru, og vandre gjennom stølsområdet Honingane langsmed elva.

Når du kjem fram til den nye E16-brua ved tunnelen, går du under brua og langs gang- og sykkelstien tilbake til utgangspunktet.

 

GAMAL STØLSGREND

Honingane har namnet etter ordet «hone», som betydde geit.

Dette er ei gamal stølsgrend som alltid har lege sentralt langs vegleia. 

Både mellomalderen sin allfarveg og postvegen frå 1600-talet gjekk her. Då kongevegen vart bygd på slutten av 1700-talet valde J. C. Hammer å legge den på andre sida og heller krysse elva ved Brattebakken nokre kilometer lenger nede. 

Men i 1860 vart vegen lagt til Honingane att, og det er den du går på når du passerar stølsgrenda.

Stølsgrenda ligg 730 moh. og var tidlegare vår- og hauststøl for gardane Borlo, Hegg, Bjøråker og Hovland i Borgund.

Over 20 tufter etter stølshus, somme svært gamle, vitnar om stor aktivitet her oppe. Eit av dei er det gamle steinselet du passerer like bortanfor den eine brua. Det var opphaveleg eit bustadhus, kanskje bygd i mellomalderen.

 

OVERNATTE

Hytta og selet her er tilgjengeleg for deg som kongevegvandrar. Du kan vende deg til kulturkontoret i Lærdal kommune og få ein kode til hytta slik at du kan overnatte.

Ta med sovepose. Staden har ikkje elektrisitet, og du må nytte utedo. 

Det er ellers mogleg å overnatte i moderne hytter og leiligheter ved Maristuen Fjellferie oppe på Maristova.

© Copyright Kongevegbedrifter Filefjell SA