Opplev kongevegen

Rundtur: Maristova - Honingane - Brattebakken bru

Fakta

Tidsbruk
1 - 1,5 t
Avstand
6,3 km
Vanskelegheitsgrad
Enkel
Passar for
Alle

Dette er ein rundtur som kombinerar Kongevegen, gamle E16, fleire historiske bruer og eit stølsområde med bygningar frå mellomalderen.

Du kan starte ulike stadar, som ved nye E16-brua eller ved avkøyringa til Maristova. Du kan også starte oppe ved Maristova. Då er rundturen om Honingane i underkant av 4 kilometer lang og rundturen om Brattebakken bru cirka 6,3 kilometer lang.

Det er også parkering ved Brattebakken bru.

Om du startar på Maristova får du med deg mest. Like nedanfor Maristova møter du straks på dei to flotte trebruene som kryssar elva Smedøla. Bruene er bygd etter generalvegmester J. C. Hammer sin «Vejinstrux» frå 1794.

Slike bruer stod her då kongevegen var ferdig i 1790-åra, og Hammer budde i Margretestuen på Maristova medan kongevegen vart bygd.

Rundturen Maristova - Honingane - Brattebakken bru er eit studie i bruer og brubygging. Minst åtte ulike bruer i tre, stein eller betong er å sjå frå ulike tidsepokar, frå 1794 til 2018.

 

MANGE BRUER

Kongevegen går vidare på rette, graskledde strekningar nedover. Så må du krysse E16, men ver merksam, for europavegen går i ei slak kurve her.

Etter kryssinga kan du ta til venstre og følger ved sidan av E 16 ned til nye E16-brua under den.  Så følger du den originale Kongevegen vidare nedover til du kjem til hengebrua Brattebakken bru.

Brua er ny, og er bygd etter inspirasjon av Hammer sine bruer, med sirater (smykker) på stolpane. 

Vel over den, og du tek inn på gamle E16 og går oppover att (austover). Gamle E16 er asfaltveg.

Når du kjem fram til den nye E16-brua ved tunnelen, går du under brua og held fram på nordsida av elva inn på grusveg og stølsområdet Honingane.

 

GAMAL STØLSGREND

Honingane har namnet etter ordet «hone», som betydde geit.

Dette er ei gamal stølsgrend som alltid har lege sentralt langs vegleia. 

Både mellomalderen sin allfarveg og postvegen frå 1600-talet gjekk her. Då kongevegen vart bygd på slutten av 1700-talet valde J. C. Hammer å legge den på andre sida og heller krysse elva ved Brattebakken nokre kilometer lenger nede. 

Men i 1860 vart vegen lagt til Honingane att, og det er den du går på når du passerar stølsgrenda.

Stølsgrenda ligg 730 moh. og var tidlegare vår- og hauststøl for gardane Borlo, Hegg, Bjøråker og Hovland i Borgund.

Over 20 tufter etter stølshus, somme svært gamle, vitnar om stor aktivitet her oppe. Eit av dei er det gamle steinselet du passerer like bortanfor den eine brua. Det var opphaveleg eit bustadhus, kanskje bygd i mellomalderen.

Når du har gått gjennom stølsgrenda går du over dei eldste Honingbruene, mellom anna ei sprengverksbru, og følger vegen opp til Maristova att. Du må på nytt krysse E16 (ver forsiktig!) og så ta inn på Kongevegen opp til Maristova. 

 

OVERNATTE

Hytta og selet her er tilgjengeleg for deg som kongevegvandrar. Du kan vende deg til kulturkontoret i Lærdal kommune og få ein kode til hytta slik at du kan overnatte.

Ta med sovepose. Staden har ikkje elektrisitet, og du må nytte utedo. 

Det er ellers mogleg å overnatte i moderne hytter og leiligheter ved Maristuen Fjellferie oppe på Maristova.

© Copyright Kongevegbedrifter Filefjell SA