Opplev kongevegen

Rundtur: Otrøvann

Fakta

Tidsbruk
2,5t
Avstand
7,7 km
Vanskelegheitsgrad
Middels
Passar for
Alle
Tilgjengeleg
Sommer (vandring), vinter (ski)

Turen rundt vakre Otrøvatn går delvis på ei kulturløype som viser eldgammal produksjon av jarn.

For Filefjell har også vore viktig for jarnproduksjon.

Berre i området rundt Otrøvatnet er det registrert 17 jarnproduksjonssanlegg og 80 kolgroper innanfor ein omkrins på 500 meter. Anlegga var i bruk i ulike periodar mellom år 0 og år 1200.

Også ved Smeddalsvatnet lenger vest (lærdalssida) finn du omfattande spor etter jarnutvinning.

Namnet Smeddalen seier sitt.

Rundturen rundt Otrøvann ligg langs delstrekninga Tyinkrysset-Kyrkjestølen. Ikkje heile rundturen har like lett framkommeleg sti.

 

LØYPE

På sørsida av Otrøvatnet er det ei kulturminneløype som tek deg forbi desse jarnvinneanlegga, kolgroper og hustufter.

Utvinninga her skapte eit økonomisk overskot for valdrisane utover i jarnalderen.

Arkeolog Espen Finstad fortel, ifølge outtt.com:

- Mange menneske var involvert i jarnframstillinga. Det skulle gravast kolgroper, hoggast tre, byggast omner, takast ut myrmalm og mykje meir. Til tider har nok arbeidet vore organisert slik at fleire gardar gjekk saman om produksjonen, enten til eige bruk eller for sal. Det kan tenkast at arbeidet vart styrt frå sentralt hald i samfunnet av høvdingar, småkonger, og seinere kongen og kyrkja. Fattige bønder og til og med treller kan ha vore arbeidskraft.

Enkelte forskarar meiner at jarnframstillinga var dreven av spesialister og ikkje kunne utførast av kven som helst.

 

RAUD SAND

Ta av inn til skisenteret og parker bilen der. Herfrå går du på Gamlestøgovegen 700 meter langs Otrøvatn til holmen rett ut for land.

Her, på venstre side av vegen ved ein liten bekk står skiltet som fortel at her starter Kulturminneløypa. Du krysser bekken på ein klopp og held fram ein liten bakke langs bekken cirka 50 meter til første skilt.

Derfra gjer vegen seg sjølv, først på kløvde stokker over ei myr.

Ein stad heiter Raude Sanden. Namnet kjem av at vatnet i bekken her var raudt av myrmalm.

Mat og overnatting får du om du stikk oppom Kyrkjestølen, eller nedom Tyinkrysset Fjellstue og Filefjellstuene.