Opplev kongevegen

Borgund - Lærdalsøyri

Fakta

Tidsbruk
4 timar
Avstand
35 km.
Vanskelegheitsgrad
Enkel
Tilgjengeleg
Heile året

Sykkelruta på Kongevegen over Filefjell følger same rute som turvegen kongevegen, men har fleire alternative trasear på grunn av alle vegomleggingane gjennom historia.

Vi anbefalar å trille sykkelen mest mogleg på dei autentiske kongevegstrekningane, for å bevare kulturminnet best mogleg.

Denne omtalen byrjar i aust og held fram mot Lærdalsøyri:

Du startar der du eventuelt har valt å overnatte i Borgund. Plassar å bu er Steinklepp camping, Borgund Hyttesenter og Camping, eller gjerne Hi Borlaug Vandrarheim.

Frå Borgund stavkyrkje har du fleire alternativ på sykkel. Først den autentisk kongevegen over Vindhella. Men Vindhellavegen er den meste trafikkerte delstrekninga av Kongevegen over Filefjell. Du bør trille sykkelen. 

Eller setje frå deg sykkelen og gå rundturen Vindhella-Sverrestigen før du set deg på sykkelsetet att. Rundturen går i rikt kulturlandskap med mykje historie frå sagakongane og fram til vår tid. 

 

GAMLE E16

Det andre alternativet er å sykle gamle E16 frå Borgund stavkyrkje og ned mot Lærdalsøyri. Etter at E16 er blitt lagt i tunnelar gjennom Lærdal er gamle E16 blitt ei svært attraktiv sykkelrute.

Først kjem du til gardsgrenda Nese. Klyngetunet nede til venstre er eit av to klyngetun som er att i Lærdal. Klyngetun er eit tradisjonelt vestlandsk gårdstun, med mange bruk, og husa til bruka er plassert tett og uregelmessig saman. Buforma går tilbake til førhistorisk tid.

Eit stykke nedanfor Nese, på andre sida av elva, ser du huset der trappa går opp i veggen og døra ut i intet. Og der glaskarmane er vendt feil veg. Dette var ein uformell turistattraksjon i Lærdal da E16 gjekk her.

Rundt Nesbergi kjem du til Rimskjold, der Vindhellavegen kjem ned. Du passerer vakre Husum, gamle trebygningar i sveitsarstil som tidlegare var skysstasjon og hotell for trafikken på Kongevegen over Filefjell. I dag har staden opna att under namnet Husum gard.

500 meter til og du møter delstrekninga Øygardsvegen til høgre. Dette er nok ein autentisk kongevegstrekning.

Alternativet ditt er å halde fram på gamle E16 over brua til venstre. Her ser du også den gamle steinkvelvingsbrua frå 1863 som vart bygd då kongevegen vart omlagd til det som i dag er gamle E16. Sykle vidare og hald rett fram på gamle E16 når du kjem til nye E16-krysset ved Hagen.

Ved Sjurhaugsfossen (parkering, sitjeplassar, toalett) kjem du til nok eit alternativ; delstrekninga Galdane over brua på di høgre side. Dette er også ein autentisk kongevegstrekning.

FLOTT LANDSKAP

Hald fram på E16 gjennom tunnelen og langs vegen der kuriøse skilt seier du kan risikere å møte bilar midt i vegen. Både vegstrekninga og skilta er freda. Stogg ved rasteplassen ved Galdane og kikk på det nydelege landskapet; husmannsplassen Galdane med hus frå tidleg 1800-talet, og den praktfulle fossen Sokni.

I dette området er det også store tyske forsvarsverk frå andre verdskrigen. Her er Lærdal på sitt trongaste, det er kun plass til Lærdalselvi, kongevegen på ei side og gamle E16 sprengt inn i fjellet på den andre sida.

Du held fram på sykkel forbi nok ein rasteplass; Koren, og tek inn på gang- og sykkelstien til høgre der gamle E16 byrjar å stige opp mot nye E16. Her held du fram og syklar over brua ved Seltun. OBS: Etter brua må du krysse E16. 

Her stoggar tilgjengelege autentiske kongevegstrekningar. Men turvegen held fram på gang- og sykkelstien langs E16 ned til vikingleiren Bjørkum. 

Stopp ved informasjonstavlene. Her kan du lese om det oppsiktsvekkjande funnet som arkeologane gjorde i 2009. Mellom anna vart ein av dei flottaste vikingkammene i verda funne her, saman med mykje anna rart, som ein vikingtyggis (!)

Kopi av  nokre av gjenstandene kan du sjå i stavkyrkjesenteret ved Borgund Stavkyrkje.

Sjå også «Nårekista», den store delte steinblokka ved infoplassen. Den låg opphaveleg ved kongevegen lenger framme, «opna» og delt i to. Namnet er frå norrøn tid og tyder likkiste. Den er 2,70 m lang og 1,40 m brei. Både botnen og loket er 80 centimeter tjukt.

Ei sagn vil ha det til at ei søkkrik kjempe, eller kanskje var det eit troll, låg i kista med alt sitt gods og gull. Eit anna sagn seier det var kong Heilage Olav si matkiste.

Nårekista vart truleg sprengd i stykker av nysgjerrige kongevegarbeidarane på slutten av 1700-talet. Slik vart ho liggande til ho vart flytt og sett saman att her ved Bjørkum, under vegutbetringa rundt 2010.

 

TROLLET

Så tek du inn på E16 og syklar vidare ned dalen. Etter cirka 800 meter bør du ta ein titt opp i fjellsida til høgre. For den moglege grunnen til at den merkelege vikinglandsbyen vart lagt til Bjørkum, ser du her.

Trollet «Jutlamannen» står i fjellsida og ser ned på Bjørkum. Vikingane kan ha hatt trollet som ein slags kultisk figur. Her er informasjonstavle.

Du må halde fram på E16 (vegen er 9,5 meter brei inkludert éin meter skulder til å gå og sykle på) ned til innkøyrsla til Stuvane kraftverk (lengde cirka 1,5 kilometer). Ta inn her, og like før du når brua over til kraftverket; følg naturstien langs elva inn til Saltkjelen bustadfelt.

Hald fram gjennom bustadfeltet og deretter langs gangsti til Ljøsne skule. Ved skulen syklar du over den store kvite hengebrua og følger fylkesveg 272 vidare mot Lærdalsøyri.

Rundt deg vil det rike jordbrukslandet i Lærdal opne seg for deg.

 

VATNINGSVEITER

Offisielt kjem det berre mellom 400 og 600 millimeter nedbør i året i Lærdal, men på Ljøsne viser uoffisielle målingar over ein 15-årsperiode berre 280 millimeter årleg nedbør.

På Ljøsne ser du difor ulike former for kunstig vatning, som til dømes vasspredarar. Men tidlegare var sokalla vatningsveiter viktig. Denne kulturminnetypen finn du ikkje mange plassar, men for det nedbørsfattige, og samtidige grøderike jordbrukslandet på Ljøsne var veitene livsviktig.

Den meste kjende i dag er Ljøsnaveiti, også kalla Undebakkveiti. Denne spektakulære veiti forsynte sju gardar oppe på Ljøsnabrekka, og går som ein akvedukt over fleire kilometer.

Vil du ha ein sykkelpause, ligg veita oppe i lia til høgre før du kjem til innkøyrsla til Stuvane kraftverk. Følg veiti ned til garden Øvre Ljøsne, gå ned att til Ljøsne skule og du finn turvegen kongevegen ved hengebrua under skulen.

Etter nesten 3 kilometer kjem du til Bø bru. Om du treng å proviantere, kan du ta ein 350 meter kort avstikkar frå sykkelruta bort til Joker Ljøsne.

Sykkelruta går vidare på fylkesveg 272 nedover mot Lærdal. Ved Tønjum går fylkesvegen ut i E16, og du må sykle opp dalen litt igjen og over Voll bru, ei strekning på cirka 1 kilometer (OPS: E16 er mykje trafikkert, ver forsiktig). 

 

TIL LÆRDALSØYRI 

Rett etter Voll bru tek du inn til venstre, denne gong inn på fylkesveg 271 langs «Moldesida» ned til Lærdalsøyri. Den fører deg etter nokre kilometer forbi Lærdal sjukehus, og nokre hundre meter etter sjukehuset tek du til venstre over «sjukehusbrua» og du er i bustadområda til Lærdalsøyri. Ta siste gate til høgre før du når E16 (gata Sviggum, så gata Sekleppvegen inn til Hansegardsvegen).

Derfrå tek du hovudgata inn til sentrum (gatene Brattegjerdet og Øyramarki), og så inn til gamle Lærdalsøyri. Sykkelruta Kongevegen over Filefjell endar ved den gamle jektehamna.

På Lærdalsøyri kan du overnatte på Sanden pensjonat, Lærdalsøren Hotell eller på Lindstrøm Hotell, og besøke landhandelen Smak av Sogn og få ei guiding mellom dei vakre trehusa med Sognefjord Adventure.