Opplev kongevegen

Maristova - Borgund

Fakta

Tidsbruk
3 timar
Avstand
20 km.
Vanskelegheitsgrad
Enkel
Tilgjengeleg
Cirka 15. mai-1. oktober

Sykkelruta på Kongevegen over Filefjell følger same rute som turvegen kongevegen, men har fleire alternative trasear på grunn av alle vegomleggingane gjennom historia.

Vi anbefalar å trille sykkelen mest mogleg på dei autentiske kongevegstrekningane, for å bevare kulturminnet best mogleg.

Denne omtalen byrjar på Maristova og held fram mot vest:

Start ved Maristova (800 moh.) der du kan overnatte i moderne hytter eller i leiligheter hjå Maristuen Fjellferie og besøke det private museet Margretestuen Fjellstovemuseum, bygd som innkvartering til generalvegmeister C. J. Hammer og arbeidsleiaren, kaptein Wilhelm Jürgensen, til bygginga av Kongvegen over Filefjell.

 

FLEIRE ALTERNATIV

Også her er det fleire alternativ om du velger å sykle:

Først er det autentisk kongeveg, deretter gamle E16 frå Maristova til Borlaug, som no når tunnelen er bygd, er perfekt som sykkelstrekning.

Men du kan også, rett etter Maristova, ta ein liten omveg ned til Honingane, som er eit gamalt stølsområde med bygningar tilbake til mellomalderen.

Då må du krysse E16. Ved Honingane er det fleire bruer frå minst fire forskjellige vegtrasear. Her syklar du mellom anna på grusveg frå 1860. Området har namn etter ei «hone» som betyr geit.

Stølen ved den eine brua er bygd opp att og kan nyttast til pause eller overnatting. Det er ein nøkkelboks på veggen. Ring 900 53 796 (Lærdal kommune, kulturkontoret) for å få koden. Ta med sovepose. Det er ikkje elektrisitet i hytta. Utedo.

Tilbake mot kongevegen syklar du ned grusvegen frå 1860 (her er dei ei grind, det er mogleg du må løfte sykkelen over) ned til E16-brua som går inn i tunnelen. Hald fram under brua. Vil du sykle (trille) sykkelen på autentisk kongeveg, syklar du på gang- og sykkelsti litt opp mot Maristova igjen, før du tek inn på den autentisk kongevegen ned dalen.

Eller du held fram frå brua og nedover langs gamle E16.

Gamle E16 tek deg uforstyrra heilt ned til Borlaug. Du passerar fjellgrenda Gram med geiter, sauer og geitostproduksjon, og held fram ned til Borlaug øvst i Lærdal, der nye E16 møter Riksveg 52.

 

HENGEBRU

Den autentiske kongevegen går på andre sida av elva Smedøla, og cirka 1,5 kilometer frå der du tek inn på vegen, kjem du til Brattebakken bru.

Dette er ei høg hengebru bygd etter inspirasjon av dei gamle kongevegbruene du ellers finn på kongevegen. Her må du bere/trille sykkelen. Brua erstattar den einaste utleggsbrua som var bygd på Vestlandet, og som stod ferdig her i juli 1792. 

Framleis står brukara etter utleggsbrua. Dei er verna, difor er det bygd hengebru ved sida av. 

Frå hengebrua går du ein liten bakke opp til gamle E16, og frå der går den originale kongevegleia oppover skråninga, frå E16 må du då bere sykkelen opp ei lita steintrapp.

Vidare går vegen på natursti (kongevegen vart sprengt vekk under seinare vegutbetringar) til du når Raudgalden. Her er det trilling og eventuelt bering av sykkelen som gjeld. Derfor anbefalar vi at du syklar vidare på gamle E16. Kongevegtraséen møter du igjen ved Gram.

Frå Gram går turen vidare til Borlaug. Den originale kongevegtraseen tek av og går inn i skogen igjen eit stykke nedanfor Gram.

Avstanden frå Maristova til Borlaug er cirka 7,5 kilometer. 

 

GAMALT KRYSS

Borlaug har i fleire hundre år vore eit viktig kryss for vegfarande mellom aust og vest. Vegen over Filefjell har komme ned her og i 1840-åra stod køyrevegen over Hemsedalsfjellet ferdig.

Her kan du vitje Borlo bygdetun og du kan overnatte hjå HI Borlaug vandrarheim.

Borlo bygdetun er eit privat oppbygd museum med gamle bygningar og utstyr. I tunet er det infooppslag på kvart hus.

Frå Borlaug går både vandreruta og sykkelruta til Kongevegen over Filefjell på asfalt gjennom Borgund.

Du byrjar ved å sykle langs E16 cirka 500 meter ned til krysset som viser veg inn til Borgund sentrum. Deretter følger du bygdevegen (gamle E16) gjennom den vakre fjellbygda.

Dy syklar forbi små vestlandsgardar med beiteland for sau og geit. Fleire campingplassar ligg her, mellom anna Steinklepp camping, som ligg mellom vegen og elva.

Du passerar Hegg, som var skysstasjon og hotell i gamle dagar. Like etter Hegg vil du sjå den store gravhaugen etter bygdehøvdigen Spenning Hegg på di venstre side. Det står ein 2,6 meter høg bauta på haugen.

Etter kvart kjem du til Steinklepp, som er sentrum i Borgund. Her er samfunnshus, pub og kafe, og nærbutikk.

Trenger du å proviantere, kan du stogge ved Borgund nærbutikk og bakst, som ligg kloss i vegen.

 

VIDARE MOT STAVKYRKJA

500 meter vidare frå sentrum går fylkesvegen inn i eit kryss som fører inn på E16. Dit skal du ikkje.

Du skal heller sykle rett fram, inn på det som ein gong vart kalla riksveg 60, ein av fleire vegomleggingar mellom 1790-åras kongeveg og dagens europaveg.

Du går forbi privathus og gjennom skog. Etter ei stund syklar du forbi Borgund hyttesenter og camping, ein fin plass å bu for kongevegsyklistar. Syklar du vidare, kjemdu  til kryss- og tunnelområdet for nye E16. På vegen må du løfte sykkelen over gjerde.

Følg skiltinga, og du syklar vidare ned til nasjonalklenodiet Borgund stavkyrkje. Delstrekninga endar ved den spektakulære middelalderkyrkja.

Eit anna alternativ er at du tek av til venstre like etter Borgund sentrum, og inn på fylkesveg 273, som er bygdevegen på austsida av Borgundselva som går ned til Borgund kraftverk. Der kjem inn du på turvegen Kongevegen over Filefjell att før Borgund stavkyrkje.

 

HISTORISK OMRÅDE

Borgund stavkyrkje er den mest autentiske og best bevarte av alle stavkyrkjene i Norge. Den stod ferdig heilt i byrjinga av 1180-talet og er ein stor turistattraksjon.

Her er stavkyrkjeutstilling, kafè, butikk og toalett. For å få tilgang til dette må du løyse billett i besøkssenteret.

Klokkestøpulen like ved er den einaste i sitt slag som er att frå mellomalderen i Norge.

Fjelltoppen bak stavkyrkja skjuler ein førhistorisk bygdeborg.

Heile Borgund, og spesielt området rundt Borgund stavkyrkje er eit område svært rikt på historiske og førhistoriske kulturminne.

Neste sykkelstrekning på Kongevegen over Filefjell er Borgund-Lærdalsøyri.

© Copyright Kongevegbedrifter Filefjell SA