Opplev kongevegen

Tyinkrysset - Maristova

Fakta

Tidsbruk
3-4 timar
Avstand
17-20 km.
Vanskelegheitsgrad
Krevjande
Tilgjengeleg
20. mai - 30. september

Sykkelruta på Kongevegen over Filefjell følger same rute som turvegen kongevegen, men har fleire alternative trasear på grunn av alle vegomleggingane gjennom historia.

Vi anbefalar å trille sykkelen mest mogleg på dei autentiske kongevegstrekningane, for å bevare kulturminnet best mogleg.

Denne omtalen byrjar på Tyinkrysset og held fram mot vest og Lærdal:

Start ved Tyinkrysset (900 moh.) der du kan overnatte eller ete hjå Filefjellstuene og Tyinkrysset fjellstue. Etappen byrjar med å sykle 7,7 kilometerpå gamle E16 frå Tyinkrysset til Kyrkjestølen.

Då syklar du etter kvart langs vakre Otrøvatn på di venstre side. Framme ved krysset ved nye E16-tunnelen, må du inn på europavegen nokre hundre meter til du kjem fram til der du ser kongevegen ta av mot venstre og innover fjellet. Eventuelt syklar du 200 meter til og stoggar ved Kyrkjestølen

 

TO ALTERNATIV

Frå her har du to alternativ. Den eine er å sykle den autentiske kongevegen over sjølve fjellet til Maristova. Den andre er å følge E16 gjennom Smedalen til Maristova. E16 her er ny og brei.

Den autentiske kongevegen over Murklopphøgda er svært offroad. Du bør vurdere å trille sykkelen. Så høgt til fjells er kulturminnet Kongevegen også spesielt sårbar. Om det er blautt, som til dømes etter regn og i vårløysinga, ber vi deg la vere å sykle.

Turen startar i lett bjørkeskog ved Kyrkjestølen og går opp 300 høgdemeter til du når toppen cirka 1250 m.o.h., som er Kongevegen over Filefjell sitt høgste punkt.

Nær det høgaste punktet står Stiftstøtta, ein marmorbauta som markerte det gamle skillet mellom Akerhus og Bjørgvin stift. Marmoren kjem frå Lier, og vart sendt til Danmark tidleg på 1700-talet som byggemateriale til Marmorkirken i København. Her vart marmoren hogd i fem kubiske former, og forma til ei støtte i ny-klassisistisk stil, med topphatt. Seinare vart ho sendt med båt tilbake til Norge og Lærdalsøyri.

Stiftstøtta fekk eit flott fundament av naturstein og vart etter kvart eit ynda motiv for kunstnarar. Seinare vart ho flytta ned til den nye hovudvegen i Smeddalen, men i 1973 kom den tilbake til sin opphavelege plass.

Diverre forsvann ei av blokkane undervegs, men du kan framleis nyte den «Styrke og Smukhed» som stiftstøtta vart påstått hadde, som Kongevegen sin smykkestein.

Støtta var dyr. Utforminga og transporten kosta til sammen 245 riksdaler, omtrent det samme som tre årsbudsjett for kongevegen (!).

Området ved Stiftsstøtta er også ein fin rasteplass.

 

FLATT, SÅ BRATT

Oppe på fjellet er terrenget flatt før stien går ned att mot Maristova på cirka 800 m.o.h. Vegen ned er bratt, og går gjennom «Dei sju skuffelsar». Namnet kjem av folk som kom vestfrå og skulle over fjellet. Kvar gong dei trudde dei kom til toppen, oppdaga dei ein ny bakke. Dette skjedde sju gonger før dei nådde den verkelege toppen av Kongevegen over Filefjell. 

Langs vegen er det sett opp skilt med forklaring på interessante vegtekniske løysingar.

Mellom anna korleis den dyktige veginspektøren Iwer Moss løyste ulike floker, og korleis arbeidsfolka måtte tole harde arbeidsdagar og arbeidsuhell med legehjelp vekesvis unna.

Kongevegen over Filefjell mellom Vang og Lærdal stod ferdig i 1793. Kongevegen gjekk denne leia over Murkløpphøgda fram til 1843.

Då vart vegen erstatta av Den Bergenske Hovedvej nede i Smedalen.  Fleire omlegginger og utbetringar har fulgt, mellom anna på byrjinga av 1900-talet og fleire gonger etter 1960-åra, då bilen byrja å bli allemannseige. I dag går framleis nye E16 i Smedalen.

Vel nede frå bakkane er du kommen til Maristova, som har ei historie med overnatting og samferdsle i alle fall sidan første halvdel av 1300-talet.

Her kan du overnatte i store, moderne hytter eller i leiligheter hjå Maristuen Fjellferie. Her kan du også besøke det private museet Margretestuen Fjellstovemuseum, bygd som innkvartering til generalvegmeister C. J. Hammer og arbeidsleiaren, kaptein Wilhelm Jürgensen, til bygginga av nettopp Kongvegen over Filefjell.

For fleire detaljar om turen kan du lese teksten på vandrestrekningen Kyrkjestølen-Maristova.

Neste sykkelstrekning er Maristova-Borgund.

© Copyright Kongevegbedrifter Filefjell SA