Opplev kongevegen

Vang - Tyinkrysset

Fakta

Tidsbruk
3-5 timar
Avstand
35-38 km.
Vanskelegheitsgrad
Middels
Tilgjengeleg
15. mai - 30. september

Sykkelruta på Kongevegen over Filefjell følger same rute som turvegen kongevegen, men har fleire alternative trasear på grunn av alle vegomleggingane gjennom historia.

Vi anbefalar å trille sykkelen mest mogleg på dei autentiske kongevegstrekningane, for å bevare kulturminnet best mogleg.

Denne omtalen byrjar i aust i Vang og held fram mot vest og Lærdal:

Start til dømes i Vang sentrum og sykle på gangsti mot sentrum og vidare til Søndrol der første delstrekning og første autentiske kongevegvegstrekning, Kvamskleive, byrjar. 

Her bør du ta ruta over Kvamskleive og ikkje sykle langs E16 av tryggleiksgrunnar.

Den 4,7 kilometer lange strekninga på gras/naturgrunn over Kvamskleive vart teken i bruk i 1808 og avløyste kongevegen som til då hadde gått på andre sida av Vangsmjøse. Vegen vart bygt bratt. Kjem du austfrå stig dei første kilometrane 150 av totalt 250 meter. Det betyr at det er bratt ned att om du startar ved Vang som føreskrive i denne teksten.

 

FLOTT UTSIKT

Frå Søndrol syklar du i normal oppoverbakke til du kjem til ein idyllisk blanding av skog og kulturlandskap i det du passerer den gamle lensmannsgarden Kvam litt unna deg. Skilt som står her viser veg til det gamle, restaurerte lensmannstunet, der gardsfolka til visse tider opnar for servering og omvisning. 

Etter dette syklar du med ei fantastisk utsikt over bygdelaga i Vang, Vangsmjøsa og fjella. Her har tidas tann fått murane til å rase ut, og du kan sjå dagens E16 langt der nede. 

Deretter passerer du «Galden», «Saubekken» og startar nedturen mot «Raude skreda» der du syklar eller hest trillar sykkelen på relativt flat og grasgrodd veg. Etter det går turen bratt nedover, og i den siste bratte nedoverbakken vil du finne skiltet «Tørisgalden». Ved veis ende er du nede på parkeringsplassen ved Neset.

Sykkelturen går vidare 800 meter austover langs E16 til Hemsingbrue. Sidan dette er E16 er det greit å vere ekstra observant når du syklar. Ved Hemsingbrue syklar du over brua og tek til på bakken opp Hensåsvegen til Hensåsen. Til venstre for deg, inni skogen, følger turvegen Kongevegen pilegrimsløypa.

 

RIDDAR OG GRAVHAUG

Vel oppe på Remisåsen går sykkelferden vidare langs Vennisvegen, som går gjennom bygdene på nordsida av Vangsmjøse.

Du syklar forbi varierte kulturminne, på grus. Sykkelruta er lagt her saman med turvegen kongevegen fordi det er fleire attraksjonar å sjå, og fordi det er tryggare enn langs E16 der den opphavelege kongevegen gjekk.

Fjella du har føre deg medan du syklar vestover er Grindane (1724 moh.) Bak til venstre har du grønkledde Hugakøllen (1131 moh). 

Ved Lerhol passerar du garden til riddaren Sigvat Leirholar, som røva ei jente i Gudbrandsdalen. Riddarstøga står framleis, og er Norges eldste ikkje-kyrkjelege bygg, frå 1300-talet. Det er mogleg å besøke stova, men etter førehandsavtale med folka på garden.

Ta ein avstikkar ned til gravhaugane på Lerhol (følg skiltet som viser «Gravhaug»). Ei av gravene er opna, og du kan krabbe ned i steinkista den døde vart lagt i ein gong rundt år 400 e. Kr. (eldre jarnalder).

Når du er komen fram til bygda Vennis går du gjennom vakkert beiteland. Er det varmt i veret kan du ta deg ein avbrekk ved Sparstadsanden og studere dei fem fjøresteinane (gravsteinane) som står der.

Ta deg ein pause ved den gamle furuskogen på Leine (rasteplass, benk og toalett). Her stod det 13 kverner i si tid, men bortsett frå ei, gjekk alle tapt i eit jordras under storflaumen i 1860. Fire av kvernhusa er bygd opp att.

 

HISTORISKE HINDRINGAR

Sykle eit stykke til og du oppdagar kvifor kongevegen aldri vart lagt på denne sida av Vangsmjøse. Det massive fjellpartiet «Kløvningadn» sette effektiv stoppar for det. Her var kun ei trong passasje og ikkje før i 1959 vart den utvida til ei bilbreidd.

Like etter kjem du til «Kviture», ein annan grunn til at kongevegen ikkje vart lagt hit. Den 200 meter breie rasvifta vart rekna som farleg fordi ho alltid var i rørsle, og difor aldri mosegrodd, men heldt seg «kvit».

Turen gjennom Vennis byr på edellauvskog, alm og hassel. Grunnen er fyllittberggrunnen og at bygda ligg solvendt.

Framme ved Lunde kan du ta av på Lundevegen og følge pilegrimsvegen på utsida av tunet Lunde til E16 ved Eltun i Øye. Dersom du går 350 meter tilbake mot aust langs E16, kan du besøke Øye stavkyrkje frå cirka år 1200. 

Strekninga frå Hemsing bru til Øye stavkyrkje er om lag 18 kilometer lang.

Syklar du heller rett fram, endar du til slutt ved E16 att. Her tek du Støndafjordvegen og følger denne opp dalen. Etter å ha sykla forbi Støndafjorden, ta ein liten avstikkar til Grihamar milestein, som står oppe ved E16. Den er eit veghistorisk kulturminne eldre enn kongevegen, frå 1687.

 

OPP MOT FJELLET

Frå Olshølbrue går kongevegen vidare på vestsida av Begna oppover mot Varpebrue (Varpe bru). Dette er autentisk kongeveg og ta omsyn til kulturminnet når du syklar. Kongevegen går gjennom tett granskog før du nærmar deg fjellet og møter fjellbjørk og hei.

Typisk for måten dei bygde kongevegen på, bølger vegen opp og ned mens den stig sakte mot Varpe bru. Ved brua må du krysse E16. Her er det 80-sone.

Vegen vidare er ein fin sykkeltur, også det langs autentisk kongeveg, langs Fløgstrøndfjorden. Rett før Kølabrune (Kølabrua) er det kraftig stigning før området flatar ut fram til Tyinkrysset.

På Tyinkrysset er du komen 900 moh. Grenda har hytter, skiheis, overnatting, butikkar og servering. Du kan overnatte og spise hjå Filefjellstuene og Tyinkrysset fjellstue, eller sykle 7,7 kilometer til langs gamle E16 og ete/overnatte på Kyrkjestølen.

For fleire detaljar om turen kan du lese teksten på vandrestrekningane Kvamskleive, Vennisvegen og Øye stavkyrkje-Tyinkrysset

Neste sykkelstrekning er Tyinkrysset-Maristova.