Opplev kongevegen

Fakta

Tidsbruk
1-1,5t
Avstand
4,7 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Passer for
Alle

Beskrivelse

«Kvamskleive» er den første strekninga på turvegen Kongevegen over Filefjell om du startar austfrå, eller den siste om du kjem frå vest.

Strekninga er autentisk og går på gras/naturgrunn. Nokre hundre meter frå Søndrol er gruslagt.

Denne 4,7 kilometer lange kongevegparsellen vart teken i bruk i 1808 og avløyste kongevegen som til då hadde gått på andre sida av Vangsmjøsa - frå Høre over Hensåsen, Remmisåsen og ned til Lerhol. Her var det ferje over til Hella.

Vegen over Kvamskleive vart bygt bratt, og på vinterstid kunne den vere livsfarleg. På dei første kilometrane stig vegen 150 av totalt 250 meter. Engelskmannen John Barrow som køyrde vegen i 1833, kalla det han såg under seg i Kvamskleive som «ein avgrunn», og slo fast at ingen ting var gjort for å hindre at køyretøy glei utfor vegen. I dag vil me sjå at det i ettertid har blitt bygd solide kantmurar langs Kvamskleive.

 

DRAMATIKK

Det fins fleire historiar om tunge lass som skulle opp eller ned på blankt hålkeføre, eller om halvfulle karar som kappkøyrde heimatt frå julemessa i Vang med kjæring og ungeflokk i sluffa. Enkelt var det heller ikkje i 1844 då kunstmålarane J. C. Dahl og Peder Balke ville opp den bratte Galden med ei kalesjevogn så stor og tung at det måtte fire hestar til for å dra.

Likevel, det er ikkje funne rapportar om dødsulukker mens vegen over Kvamskleive var i bruk. I 1862 vart kleiva erstatta av ny veg langs fjorden (dagens E16). Men på dei 54 åra den var i bruk, klarte Kvamskleive å bli både berømt og berykta.

Dynamitten dei brukte då dei la ny veg langs fjorden, skremde ulven frå Vang, blir det sagt. Ingen har sett ulv i bygda sidan vegen vart bygd.

Startar du turen austfrå, byrjar du ved parkeringsplassen ved Neset, ikkje langt frå busstoppen «Hemsingbrue». Her står ei infotavle om turen. I den fyrste bratte kneika vil du finne skiltet «Tørisgalden». Kva for ein Tøris dette var, og kvifor galden har fått namnet etter han, veit vi ikkje i dag. Men ein gald er eit skrånande berg og ein vanskeleg plass å passere. Etter dette går du på ein relativt flat og grasgrodd veg til du kjem til «Raude skreda» og tek fatt på stigninga opp mot «Saubekken» og vidare opp over «Galden».

 

UTSIKT

Litt før du når toppen opnar det seg ei fantastisk utsikt over bygdelaga i Vang, Vangsmjøsa og fjella, og vi anbefalar at du tek deg ein pust i bakken her. Her har tidas tann fått murane til å rase ut, og du kan sjå dagens E16 langt der nede. Men ingen fare, vegen er sikra og trygg å gå på.

Går du her i mai, finn du den giftige busken «Tysbast» langs vegen, blømande med sine raudfiolette blomar. Du får nøye deg med å sjå på. Ikkje ta på, og i alle fall ikkje spis av busken!

Litt lenger oppe flatar vegen ut, og du får ein fin tur gjennom området som blir kalla «Grønolen», og etter det går du gjennom ein idyllisk blanding av skog og kulturlandskap til du passerer den gamle lensmannsgarden Kvam. Skilt her viser veg opp til Hugastølen/Hugakøllen og ned til det gamle, restaurerte lensmannstunet, der gardsfolka til visse tider opnar for servering og omvisning.

STORTJUVEN

På Kvam var det tingstove og «arrestanthus». Ein gong i første halvdel av 1800-talet måtte stortjuven Gjest Bårdsen overnatte her medan han vart transportert frå Bergen til Akershus for å sone «livsvarig slaveri». Den snille lensmann Wangensteen på Kvam lot Baardsen få leggja av seg jernbøra på 30 kilo medan han sov. Det blir fortalt at då han dagen etter skulle vidare, hoppa stortjuven «standhøpp» opp i kjerra med jernutrustninga på.

Kongevegen held fram i stikkbein line, men med bakke opp og bakke ned. Du passerer heimstølen «Smørhøla» oppe til venstre, der dei etter namnet å døme laga mykje godt smør i gamle dagar. Og snart er du nede i dei siste bakkane med fin utsikt over «Vangssøkne» og fjella omkring, med Grindadn, Bergsfjellet og Skudshødn som dei mest dominerande.

Så er du nede ved Søndrol og E-16. Her er det parkeringsplass.

Startar du vandringa på Kongevegen over Filefjell her og vil gå mot vest til Lærdal, må du lesa denne artikkelen «bakvendt». Då må du gå frå Søndrol til Neset og inn på neste delstrekning.

 

LENGER, OM DU VIL

Delstrekninga «Kvamskleive» kan også starte/slutte ved Bøflaten camping eller Vang sentrum, høvesvis 3,8 kilometer og 2,1 kilometer frå Søndrol. Dette er på asfaltert gangsti langs E16 og høver fint for sykkel.

Då bør du stogge ved Vangssteinen utanfor porten til Vang kyrkje. Det er ein runestein frå byrjinga av 1000-talet, reist til minne om ein brorson. Og vidare kaste eit blikk på låven på Hammerstad, som viser dåverande statsminister Gro Harlem Brundtland mjølke ei ku under EU-striden i 1994, måla av rosemålaren Sigmund Aarseth. Eit historisk kulturminne er også det vakre Skeietunet.

Neste delstrekning av turvegen Kongevegen over Filefjell er «Vennisvegen».