Opplev kongevegen

Selto - Ljøsne

Fakta

Tidsbruk
2t
Avstand
8-10 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Passer for
Alle
Tilgjengelig
Året rundt

Beskrivelse

«Ekte» troll, kulturlandskap med kunstig vatning og spor etter ein vikinglandsby. Det er noko av det du går forbi på strekninga mellom Selto og Ljøsne.

Denne delstrekninga kjem etter Galdane om du går vestover, og etter Lærdalsøyri-Ljøsne om du går austover.

Mesteparten av vandringa går på asfalt.

Unnataket er over 2 kilometer natursti gjennom eit unikt kulturlandskap i cirka midten av delstrekninga.

Dersom du går vestover startar turen ved Selto, frå der du enda Galdane-turen. Ved Selto må du krysse E16 og gå vidare på asfaltert gangsti langsmed Lærdalselvi til forbi Bjørkum.

 

VIKINGHISTORIE

Stopp ved informasjonstavlene ved Bjørkum. Her kan du lese om det oppsiktsvekkjande funnet av ein verkstadleir frå vikingtida som arkeologane gjorde i 2009.

Hundretusenvis av bein, det aller meste gevir frå rein, og kambar, vevutstyr, telt, glasperler, nøkkel og dyregraver etter ei mogleg kult, var berre noko av det arkeologane fann i 2009. Ein av dei flottaste vikingkammer i verda vart funnen i jorda her. Den hadde til og med ei runeinnskrift.

Kopi av gjenstandene kan du sjå i stavkyrkjesenteret ved Borgund Stavkyrkje.

Sjå også «Nårekista», den store delte steinblokka som ligg ved infoplassen. Den låg opphaveleg ved kongevegen lenger framme, «opna» og delt i to. Namnet er frå norrøn tid og tyder likkiste.

Kista er 2,70 m lang og 1,40 m brei. Både botnen og loket er 80 centimeter tjukt. 

Ei sagn ville ha det til at ei søkkrik kjempe, eller kanskje var det eit troll, låg i kista med alt sitt gods og gull. Eit anna sagn seier det var kong Heilage Olav si matkiste. 

Nårekista vart truleg sprengd i stykker av nysgjerrige kongevegarbeidarane på slutten av 1700-talet. Slik vart ho liggande til ho vart flytt og sett saman att her ved Bjørkum, under vegbygginga rundt 2010.

 

TROLLET

Turvegen Kongevegen over Filefjell går vidare 350 meter langs E16, ned til skiltet «Hønjum» som peikar over brua og elva.

Men før du går dit, stopp opp og kikk opp i fjellsida.

For den moglege grunnen til at den merkelege vikinglandsbyen vart lagt til Bjørkum, så langt frå fjorden, ser du her.

Trollet «Jutlamannen» står i fjellsida og ser rett ned på Bjørkum. Folka i landsbyen på Bjørkum kan ha hatt trollet som ein slags kultisk figur. Dersom du vil, kan du gå langs E16 fem hundre meter til for å lese om Jutlamann på informasjonstavla ved parkeringsplassen, og så gå tilbake til brua som tek deg over til Hønjum.

Turvegen kongevegen går vidare via garden Hønjum/Hynjo. Vær snill å ikkje gå gjennom tunet, følg skiltinga. 

Du vandrar vidare i kulturlandskap med murar og steintufter frå 1700 og 1800-talet. Her går du på naturgras 2,1 kilometer ned til Stuvane kraftverk.

Her kryssar du brua over Lærdalselvi, og tek umiddelbart av til venstre og held fram på tursti langs elva ned til Saltkjelen bustadfelt.

Her held du fram på asfalt gjennom bustadfeltet og deretter langs gangsti til Ljøsne skule. Ved skulen går du over den store kvite hengebrua (for bil) og følger fylkesveg 272 vidare nedover mot Lærdalsøyri. 

Rundt  deg vil det rike jordbrukslandet i Lærdal opne seg for deg.

 

VATNINGSVEITER

Når vi har fortalt at Lærdal har eit godt klima med høge gjennomsnittstemperaturar og lite nedbør, så er det Ljøsne ein pratar mest om.

Offisielt kjem det mellom 400 og 600 millimeter i året i dalen, men på Ljøsne viser uoffisielle målingar over ein 15-årsperiode berre 280 millimeter årleg nedbør.

På Ljøsne ser du difor ulike former for kunsti vatning, som til dømes vasspredarar. Men i hundreåra fram til siste krig var sokalla vatningsveiter viktig. Denne kulturminnetypen finn du ikkje mange plassar, men for det nedbørsfattige, og samtidige grøderike jordbrukslandet på Ljøsne var veitene livsviktig.

Den meste kjende i dag er Ljøsnaveiti, også kalla Undebakkveiti. Denne spektakulære veiti forsynte sju gardar oppe på Ljøsnabrekka, og går som ein akvedukt over fleire kilometer.

Dalen har knapt helling, men likevel klarte ingeniørane å føre vatnet ned til gardane, til og med gjennom steinurar. 

 

GÅ VEITI

Ljøsnaveiti høyrer ikkje til kongevegruta. Men vil du vandre den, gå rett fram til E16 etter brua som fører til/frå Stuvane kraftverk. Kryss europavegen og finn veiti oppe i bakken. Vil du ha med deg alt, bør du gå 400 meter austover att langs E16 (vær forsiktig) til der dalbotnen er smalast (avgrensa parkering). Her ser du veiti i bakken. Du kan også starte ved krysset til Saltkjelen (motsett side av bustadfeltet, skilta) for ei redusert rute.

Følg veiti ned til garden Øvre Ljøsne, gå ned att til Ljøsne skule og du finn turvegen kongevegen under skulen og kan følge skiltinga vidare på fylkesveg 272.

Trenger du å proviantere, kan du ta ein 350 meter kort avstikkar frå vandreruta ved Bø bru bort til Joker Ljøsne.