Opplev kongevegen

Vandre heile strekninga

Fakta

Tidsbruk
3-6 dager
Avstand
110 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Tilgjengelig
1. mai - 15. oktober

Beskrivelse

Kongevegen over Filefjell er ei vakker vandring gjennom norsk samferdsle- og kulturhistorie.

Mangt eit nasjonalikon har blitt til etter inspirasjon frå landskapet og livet langs denne vegen, som batt Austlandet og Vestlandet saman på ein måte som ingen hadde sett makan til då den stod ferdig.

Fleire måleri og foto frå kongevegen er å finne i Nasjonalbiblioteket, på Slottet eller i ulike museum.

Den 10 mil lange vandreruta tek deg frå innlandsbygdene øvst i Valdres via høgfjellet på Filefjell og ned til det dramatiske fjordlandskapet inst i Sognefjorden. 

Turvegen Kongevegen over Filefjell er delt opp i 12 delstrekningarVandreturen kan ta 3-6 dagar, alt etter kva tempo du går i og kva du ønsker å få med deg av attraksjonane langs ruta.

I tillegg ligg forholda til rette for fire rundturar av stor kulturell eller historisk verdi. Døme er Galdane-Seltunåsen eller Vindhella-Sverrestigen

Kongevegen over Filefjell fekk i 2017 EU sin mest høgthengjande kulturminnepris, Europa Nostra-prisen i klassen bevaring.

Vegen vann også ein av dei prestisjetunge Grand Prix-heidersprisane. I tillegg vart Kongevegen nummer to i den store publikumpris-avstemminga.

I 2015 fekk Kongevegen over Filefjell «Vakre Vegars Pris».

 

VIKTIG HOVUDRUTE

Så lenge menneska har budd i landet, har størsteparten av ferdsla mellom aust og vest i Sør-Norge, gått over Filefjell.

Forklaringa er like enkel som den er logisk, og det er geografien som set premissane:

Kystfolket kunne enkelt segle inn Sognefjorden til midten av Norge, der dei fann ein slak dal (Lærdal) opp til det lågaste fjellpasset i Sør-Norge (Filefjell), og deretter nok ein slak dal (Valdres) - eller omvendt.

Filefjell har difor alltid vore det føretrekte alternativet for ferdsle og transport mellom Austlandet og Vestlandet. 

I mellomalderen reiste fleire av sagakongene våre her. Nokre stadar i same leia som kongevegen, andre stadar tok dei ei anna rute. Uansett valde dei Filefjell.

Då Kongevegen over Filefjell stod ferdig frå 1790-åra vart denne gamle ride- og kløvjevegen for første gong erstatta av ein fire meter brei køyreveg for hest og kjerre.

Partiet mellom Vang og Lærdal vart den mest spektakulære partiet av den nye kongevegen. I dag er vegen eit av dei finaste veghistoriske kulturminna vi har i landet vårt.

 

SLAPP MILITÆRTENESTE

Kongevegane er ein del av arven frå dansketida. Nemninga «kongeveg» vart brukt om dei viktigaste hovedvegane som vart bygd om til køyrevegar på 16- og 1700-tallet. Med ny veglov frå 1824 fekk desse vegane namnet «hovedvej», noko som i praksis svarar til vår tids europavegar.

Ruta over Filefjell hadde rykte på seg for å vere mellom dei vanskelegaste og farligaste i landet. Utetter mellomalderen og spesielt inn i moderne tid vart det stor trong for forbetringar, slik at forholda for transport av folk og varer vart enklare.

Men ikkje tru at styresmaktene i København tenkte på folk flest når dei tok grep. Det viktigaste var å gjere ferda enklare for embetsmennene som støtt reiste i offentlege ærend i styringa av kongedømmet Danmark-Norge. Og ikkje minst militært var det viktig med betre vegar.

Difor slapp valdrisane og lærdølene unna militærteneste mot å halda vegen mellom aust og vest i god stand. Gardane i Valdres og Lærdal fekk utdelt kvar sine roder som dei hadde vedlikehaldsansvaret for.

I Valdres slapp folk militærtenesta i 250 år, medan i Lærdal slapp dei militærtenesta 50 år lengre. Då kongevegen over Filefjell stod ferdig i 1790-åra, meinte kongen at vegen ikkje trengde vedlikehald, og fritaket for miltærtenesta opphøyrde også for lærdølene.

Men då gjorde lærdølene opprør. Det enda med at kongen sende hæren og flåten sin mot opprørarane og arresterte leiarane. Den fremste av dei, Anders Lysne, vart til slutt halshogd. 

 

UNIK TUR

Kongevegen over Filefjell var eit storstila samferdselstiltak i si samtid. Vegen vart bygd etter «det franske prinsip», med mest mulig rett lineføring, god drenering og ei godt oppbygd vegbane. Med kongevegane starta ingeniørene sin tidsalder, og den skulle reformere vegbygginga i Norge.

Du kan starte vandringa i Vang og gå vestover mot Lærdal. Eller gå austover frå den kjende hamna på gamle Lærdalsøyri, der trafikken på kongevegen gjekk frå land til vann - og omvendt.

Les om delstrekningane eller rundturane for detaljar. God tur!