Opplev kongevegen

Fakta

Tidsbruk
5t
Avstand
18 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Passer for
Alle

Beskrivelse

Vennisvegen går gjennom bygdene på nordsida av Vangsmjøse, frå Hensgardane over Remisåsen og gjennom grenda Vennis. Det er ei vandring gjennom ei lang rekkje varierte kulturminne.

Mesteparten av vegen går på grus langs vakre Vangsmjøse, på motsett side av innsjøen enn E16. Pilegrimsvegen går også her. Starten er på natursti.

Fram til 1808 gjekk den opphavelege kongevegen hitover, til garden Lerhol der det gjekk ferje over til Hella. Strekninga vart avløyst av Kvamskleive.

Dette er andre delstrekning på turvegen Kongevegen over Filefjell om du startar austfrå. Nabovegstrekningane austover er Kvamskleive, nabovegstrekninga vestover er Øye stavkyrkje - Tyinkrysset.

Turvegen kongevegen er lagt her, fordi det er fleire attraksjonar å sjå, og fordi det er tryggare enn langs E16, som ligg oppå den gamle kongevegleia.

 

PILGRIMSLEIE

Held du fram mot vest etter å ha gått Kvamskleiva, startar du ved Neset (parkering) og går 800 meter på asfalt langs E16 til Hemsing brue, der du går over elva og tek til på Vennisvegen (sjå kart).

Det er også eit avgrensa tal parkeringsplassar i området ved Hemsing bru, slik at du kan starte der.

Etter Hemsing bru kan du unngå asfalt i svingane opp lia med å ta stien som går i skogen. Når du kjem til den gamle garden Sørre Hemsing, kan du stikke innom vertskapet. Sørre Hemsing er der for å tene kongevegvandrarar med mat og overnatting på bestilling.

Deretter følger du Pilegrimsvegen og held fram med å unngå asfalt. Når du er oppe ved Remisåsen går turvegen kongevegen langs fylkesvegen «Vennisvegen» - på grus.

Fjella du har føre deg medan du går vestover er Grindane (1724 moh.) der trollet Tindulv Grindo budde. Bak til venstre har du grønkledde Hugakøllen (1131 moh). Der budde trollet Labo Hugakøll. I Skutshødn (1630 moh) budde Langbein Rise.

Ei segn fortel om då Langbein skulle besøke Grindane ein gong for svært lenge sidan. Steget vart for langt, og Langbein måtte trø i Vangsmjøsa, og det så pass at han vart bukseblaut. Så Mjøsa må vere djup, seier vangsgjeldingane.

Er du heldig kan du høyre buldringa i Skutshønd. Frå eldre tid heitte det «Torshønd» så kan hende er det sjølvaste Tor som slår med hammaren?

 

RIK GRAV

Ved Lerhol passerar du garden til riddaren Sigvat Leirholar, som røva ei jente i Gudbrandsdalen. Riddarstøga hans står framleis, og er Norges eldste ikkje-kyrkjelege bygg, frå 1300-talet. Stova kan besøkast etter førehandsavtale med folka på garden.

Ta ein avstikkar ned til gravhaugane på Lerhol (følg skiltet som viser «Gravhaug»). Ei av gravene er opna, og du kan krabbe ned i steinkista der den døde vart lagt ein gong rundt år 400 e. Kr. (eldre jarnalder).

Grava var rik. Her var kjede av fleirfarga glas og rav, spelebrikker av glas og ei rekkje gjenstandar ein ikkje veit kva var brukt til. Men kjedet og spelebrikkene kjem frå utlandet og seier mykje om den gamle vegleia over Filefjell: at gjenstandane kan ha blitt segla inn med båt, i så fall til Lærdalsøyri, og at ferdsla over Filefjell kan ha teke dei til Lerhol - minst 1400 år før kongevegen vart bygd. 

Når du er komen fram til bygda Vennis går du gjennom vakkert beiteland. Er det varmt i veret kan du ta deg ein avbrekk og eit bad ved Sparstadsanden, Her kan du studere dei fem fjøresteinane (gravsteinane) som står der etter at ein kar dei kalla Tor Hamre tok tjuvfiskarar på fersken, ei hending som endte med knivdøden for alle fem.

Frå Vennisvegen ser du inn i Skakadalen stølsområde på hi sida av Vangsmjøse.

Frå Vennis kan du også nå Sanddalen stølsområde opp til høgre. På Sparstadstølen framme i Sandalen får du kjøpt rømmegraut og spekemat.

 

KJENDE KVERNHUS

Ta deg ein pause ved den gamle furuskogen på Leine (rasteplass, benk og toalett). Her står dei kjende kvernhusa.

Kvar gard på Vennis hadde si eiga kvern her i gamle dagar. Gardskvernene vart brukt til å mala korn kvar vår og haust. Men dei gjekk etter kvart ut av bruk fordi dei ikkje kunne mala fint nok mjøl. På 1900-talet vart dei heller brukt til å mala malt til øl og korn til dyrefor.

Her ved Leinefossen stod det 13 kverner i si tid, men bortsett frå ei, gjekk alle tapt i eit jordras under storflaumen i 1860. Fire av dei vart bygd opp att og i dag kan du vandre mellom fem historiske kvernhus og tenkje på korleis dei gjorde det i gamle dagar. 

Like ved ligger Leinesanden der Olav den Hellige skal ha gjort forsøk på å kristne vangsgjeldingene, utan hell. Ikkje før han brann ned bygda, lot dei seg kristne.

Gå eit stykke til og du oppdagar kvifor kongevegen aldri vart lagt på denne sida av Vangsmjøse. Det massive fjellpartiet vi i dag kallar «Kløvningadn» sette effektiv stoppar for det. Her var kun ei trong passasje og ikkje før i 1959 vart den utvida til ei bilbreidd.

Like etter kjem du til «Kviture», ein annan grunn til at kongevegen ikkje vart lagt hit. Den 200 meter breie rasvifta vart rekna som farleg fordi ho alltid var i rørsle, og difor aldri mosegrodd, men heldt seg «kvit».

 

RIK FLORA

Turen gjennom Vennis byr også på rik flora. Her er edellauvskog, alm og hassel. Grunnen er fyllittbergrunnen og at bygda ligg solvendt.

Ved Lunde tek du av på Lundevegen og følger pilegrimsvegen på utsida av tunet Lunde til E16 ved Eltun i Øye. Dersom du går 350 meter tilbake mot aust langs E16, kan du besøke Øye stavkyrkje frå cirka år 1200.

Kyrkja forsvann etter rivinga i 1747. Men vart attfunnen under golvet på nyekyrkja på 1930-talet, og ført oppatt her. Opphaveleg stod ho lenger ned mot Vangsmjøsa.

Delstrekninga Vennisvegen er med dette over.

Strekninga frå Hemsing bru til Øye stavkyrkje er om lag 18 kilometer lang. Nesten halvannan kilometer i starten frå Hemsing bru er natursti. Resten går på grusveg.