Turpakker

Kongevegen Fjellpasset Økonomi - 3 dagar
STATENSVEGVESEN-KONGEVEGEN-21782.jpg
IMG_8259.JPG
Kongevegen langs Otrøvatnet.
IMG_2293.JPG
IMG_7826.JPG
IMG_2239.JPG
maristova-6042334.jpg
IMG_3548.JPG
IMG_7858.JPG
Brekkudn utedo.JPG
Borlo bygdetun.

Dette er ein kortare og enklare versjon av «Kongevegen Fjellpasset - 3 dagar». Kun 1795,- per person! Sjå vilkåra under.


Følg i spora etter dei norske mellomalderkongane! Gå opp austsida av Filefjell til Kongevegens høgaste punkt, og ned att vestsida til Maristova og Borlaug. Vandre frå Austlandet til Vestlandet, gjennom norsk historie og i storslått natur. Vi fraktar bagasjen. 

ANKOMST:
Du har køyrt til Bøflaten camping i Vang i Valdres med eigen bil og kan sjekke inn for ein hyggeleg kveld og ei god natts søvn. Det går også direktebuss frå Bergen (NW 162 Øst- Vest Xpressen) og frå Oslo (NW 160 Valdresekspressen) som passar med innsjekk i denne turpakka. Bussrutene følger E16.


VANDREDAG 1
:
Etter frukost på hytta vil vertskapet på Bøflaten køyre deg til Varpe bru, der «Kongevegen Fjellpasset Økonomi» startar. Du vil vandre cirka halve delstrekninga Øye-Tyinkrysset opp austsida av Filefjell.
Turen følger den autentiske kongeveglina opp langs Fløgstrøndfjorden. Rett før Kølabrune (Kølabrua) er det kraftig stigning før vegen flatar ut mot Tyinkrysset. I fjellgrenda er du komen 900 m.o.h. Les meir om delstrekninga Øye-Tyinkrysset her.

Frå Tyinkrysset følger du kongevegtraseèn vidare på delstrekninga Tyinkrysset-Kyrkjestølen, som tek deg siste steget opp mot høgfjellet. Mykje av turen går langs vakre Otrøvann, også kalla Støgovatnet, 971 m.o.h. Vandringa går delvis på autentisk kongeveg, nokre gonger langs med gamle E16, nokre gonger må du krysse gamlevegen. Bakkane opp frå Tyinkrysset er omtala i fleire reiseskildringar frå 1800-talet. Spesielt bakkane nord for Tørisbrui og opp til Otrøvatnet var hard for hestane.

Vandringa held fram mellom Otrøvatn og Otrøfjell mot Nystuen. Så over åsen og ned til Kyrkjestølane, med historie frå mellomalderen. Her står St. Thomaskyrkja. Og her sjekkar du inn. Då har du gått cirka 11 kilometer frå Varpe bru. Bagasjen din er frakta hit. 
Du kan kjøpe middag på Kyrkjestølen (ikkje inkl. i prisen). Les meir om delstrekninga Tyinkrysset-Kyrkjestølen og den gamle marknadsplassen på Kyrkjestølen her.


VANDREDAG 2:
Etter frukost startar du ved Kyrkjestølen og går langs E16 eit par hundre meter mot retninga du kom dagen før, før du går inn på den berømte delstrekninga Kyrkjestølen-Maristova, som tek deg over toppen av Filefjell og til Kongevegens høgaste punkt - cirka 1250 m.o.h.
Vegen over Murklopphøgda har storslått utsyn til tindene i Hurrungane. Du passerer Stiftstøtta, ein marmorbauta som markerte det gamle skiljet mellom Akershus og Bergen stift. Her er fin rasteplass.
Oppe på fjellet er terrenget lettgått og flatt før vegen går bratt ned mot Maristova på cirka 800 m.o.h. Maristova har hatt overnatting og samferdsle sidan første halvdel av 1300-talet. Turen Kyrkjestølen-Maristova tek 3-6 timar. Les meir om delstrekninga Kyrkjestølen-Maristova her. 

Frå Maristova går du ned vestenden av Filefjell, delstrekninga Maristova-Borlaug. Turen går på autentisk kongeveg, natursti, litt asfalt, forbi elv og over bekkar, over fjellvidde og gjennom lun granskog. På vegen passerer du ulikt kulturlandskap, gardar og ruiner etter gamle buplassar. Like etter start Maristova kan du ta ein kort omveg om Honingane, eit gamalt stølsområde med bygningar frå mellomalderen.
Eit smykke på denne strekninga er hengebrua Brattebakken bru, bygd etter inspirasjon av kongevegbruene du møter andre stadar på kongevegen.
Til slutt er du i grenda Borlaug øvst i Lærdal. Du har gått cirka 18 kilometer og kan sjekke inn på HI Borlaug for ein dusj og kjøp av enkel middag som du lagar sjølv i gjestekjøkenet. Bagasjen din er frakta hit.


AVREISEDAG:

Etter frukost vitjar du Borlo Bygdetun for guida omvisning (inkl. i prisen og nabo til HI Borlaug). Så tek du rutebuss tilbake til Bøflaten der du evt. har parkert bilen (ikkje i prisen).
Rute 603 (Lærdal-Fagernes) passerer Borlaug klokka 11:47 og er ved Bøflaten cirka klokka 12.25. Rute NW 162 (Bergen-Lillehammer) passerer Borlaug kl. 13.01 og er ved Bøflaten cirka kl. 14.25 (atterhald om ruteendringar).


PRIS PER PERSON 1 795,- kroner

Tillegg i prisen om du ber om rom åleine (kjem an på kapasitet)

I PRISEN FÅR DU:
3 overnattingar i hytte/fjellstøl/vandrarheim
3 frukostar der du kan smøre lunsjpakke for turen
Sengeklær og romvask
Fri tilgang til kjøkken, spisestove og gapahuk ved Bøflaten på ankomstdag
Transport til startpunktet ved Varpe bru første vandredag
Bagasjetransport Bøflaten-Kyrkjestølen 1. vandredag og Kyrkjestølen-Borlaug 2. vandredag
Guida omvisning på Borlo Bygdetun på avreisedagen

VILKÅR:
«Kongevegen Fjellpasset Økonomi-3 dagar» er ein kortare og enklare versjon av «Kongevegen Fjellpasset-3 dagar». Du vandrar framleis på dei viktigaste delane av fjellpasset, og overnattar på campingplass, fjellstøl og vandrarheim. Ved stor pågang må du dele rom med andre, og på èin overnattingstad (Kyrkjestølen) er det utedo (med dusj og vask). Folk som reiser saman har høve til å booke rom saman utan andre gjester (atterhald om kapasitet). Med same atterhald kan du også booke rom åleine. 

EKSTRA TILBOD, IKKJE INKLUDERT I PRISEN:
Middag på Kyrkjestølen
Enkel middag du lagar sjølv hjå HI Borlaug
Omvisning i stølstunet og St. Tomaskyrkja på Kyrkjestølen (første vandredag, på førespurnad)
Omvisning i Margretestuen Fjellstovemuseum (andre vandredag, på førespurnad)
Buss frå Borlaug tilbake til Vang i Valdres siste dag

BUSS:
Rute 603 (Lærdal-Fagernes) passerer Borlaug klokka 11:47 og er ved Bøflaten klokka 12.35 (ikkje laurdagar).
Rute NW 162 (Bergen-Lillehammer) passerer Borlaug kl. 13.01 og er ved Bøflaten kl. 14.25
(atterhald om ruteendringar).
Alternativ: Solheim Taxi.

ANBEFALTE TILLEGGSOPPLEVINGAR:
Proviantere hjå Joker Tyinkrysset (midten av første vandredag)
Treng du utstyr? Intersport Tyinkrysset.

 

 

 

Jeg ønsker å
Takk for henvendinga, vi tek kontakt så snart som mogleg.
Velg dato for tur
09. juni 2019
Ankomstdato 09.06.2019
Avreisedato 12.06.2019
Antall plasser 10
Antall dager 3
Påmeldingsfrist 20.05.2019
Pris 1795,- per pers.
13. juni 2019
Ankomstdato 13.06.2019
Avreisedato 16.06.2019
Antall plasser 10
Antall dager 3
Påmeldingsfrist 20.05.2019
Pris 1795,- per pers.
16. juni 2019
Ankomstdato 16.06.2019
Avreisedato 19.06.2019
Antall plasser 10
Antall dager 3
Påmeldingsfrist 20.05.2019
Pris 1795,- per pers.
20. juni 2019
Ankomstdato 20.06.2019
Avreisedato 23.06.2019
Antall plasser 10
Antall dager 3
Påmeldingsfrist 20.05.2019
Pris 1795,- per pers.
23. juni 2019
Ankomstdato 23.06.2019
Avreisedato 26.06.2019
Antall plasser 10
Antall dager 3
Påmeldingsfrist 20.05.2019
Pris 1795,- per pers.
27. juni 2019
Ankomstdato 27.06.2019
Avreisedato 30.06.2019
Antall plasser 10
Antall dager 3
Påmeldingsfrist 20.05.2019
Pris 1795,- per pers.
30. juni 2019
Ankomstdato 30.06.2019
Avreisedato 03.07.2019
Antall plasser 10
Antall dager 3
Påmeldingsfrist 20.05.2019
Pris 1795,- per pers.
01. juli 2019
Ankomstdato 01.07.2019
Avreisedato 04.07.2019
Antall plasser 10
Antall dager 3
Påmeldingsfrist 20.05.2019
Pris 1795,- per pers.
04. juli 2019
Ankomstdato 04.07.2019
Avreisedato 07.07.2019
Antall plasser 10
Antall dager 3
Påmeldingsfrist 20.05.2019
Pris 1795,- per pers.
07. juli 2019
Ankomstdato 07.07.2019
Avreisedato 10.07.2019
Antall plasser 10
Antall dager 3
Påmeldingsfrist 20.05.2019
Pris 1795,- per pers.
11. juli 2019
Ankomstdato 11.07.2019
Avreisedato 14.07.2019
Antall plasser 10
Antall dager 3
Påmeldingsfrist 20.05.2019
Pris 1795,- per pers.
14. juli 2019
Ankomstdato 14.07.2019
Avreisedato 17.07.2019
Antall plasser 10
Antall dager 3
Påmeldingsfrist 20.05.2019
Pris 1795,- per pers.
18. juli 2019
Ankomstdato 18.07.2019
Avreisedato 21.07.2019
Antall plasser 10
Antall dager 3
Påmeldingsfrist 20.05.2019
Pris 1795,- per pers.
21. juli 2019
Ankomstdato 21.07.2019
Avreisedato 24.07.2019
Antall plasser 10
Antall dager 3
Påmeldingsfrist 20.05.2019
Pris 1795,- per pers.
25. juli 2019
Ankomstdato 25.07.2019
Avreisedato 28.07.2019
Antall plasser 10
Antall dager 3
Påmeldingsfrist 20.05.2019
Pris 1795,- per pers.
Ansvarleg
Kongevegbedrifter Filefjell SA info@visitkongevegen.no
Send e-post