Velg turpakke

Kongevegen Fjellpasset + Kvamskleive (3 dagar)
KONGEVEGEN-VANG-SVERREHJORNEVIK-25576.jpg
Bue-I.jpg
IMG_8259.JPG
IMG_3971_red_nystuen.jpg
IMG_2293.JPG
IMG_7826.JPG
IMG_2239.JPG
maristova-6042334.jpg
IMG_3548.JPG
IMG_7858.JPG
Brekkudn utedo.JPG
IMG_7871.JPG
Bue.jpg

Dette er ein kortare og enklare versjon av «Kongevegen Fjellpasset-3 dagar» der vi legg til rette for at du også kan vandre Kvamskleive på ankomstdagen. Kun 1895,- per person! Sjå vilkåra under.


Følg i spora etter dei norske mellomalderkongane! Gå opp austsida av Filefjell til Kongevegens høgaste punkt, og ned att vestsida til Maristova og Borlaug. Vandre frå Austlandet til Vestlandet, gjennom norsk historie og i storslått natur. Vi fraktar bagasjen. 

ANKOMSTDAG:
Du har køyrt til Rogn camping i Vang i Valdres med bil og kan sjekke inn for ein hyggeleg ettermiddag og kveld. Du kan også ta direktebuss frå Bergen (NW 162 Øst-Vest Xpressen) og frå Oslo (NW 160 Valdresekspressen). Bussrutene følger E16.

Kjem du relativt tidleg på ettermiddagen/kvelden kan du vandre delstrekninga Kvamskleive som ligg i nærleiken. Turen kan ta eit par timar. Vertskapet på Rogn camping køyrer deg til/frå Kvamskleive dersom du tek kontakt på telefon eller epost og avtalar på førehand.

Ved kapasitet og etter førespurnad kan vertskapet på Rogn Camping også gje deg ei historie- og naturguiding i Kvamskleiva (ikkje med i pakkeprisen).


VANDREDAG 1
:
Du vaknar opp til ein god frukost i eit koseleg og snart 200 år gamalt Valdres-stabbur (kalla «bu» lokalt) på Rogn.
Etter frukost vil vertskapet på Rogn camping køyre deg til Varpebrune (Varpe bru). Derfrå vil du vandre cirka halve delstrekninga Øye-Tyinkrysset opp austsida av Filefjell.
Turen følger den autentiske kongeveglina opp langs Fløgstrøndfjorden. Rett før Kølabrune (Kølabrua) er det kraftig stigning før vegen flatar ut mot Tyinkrysset. I fjellgrenda er du komen 900 m.o.h. Les meir om delstrekninga Øye-Tyinkrysset her.

Frå Tyinkrysset følger du kongevegtraseèn vidare på delstrekninga Tyinkrysset-Kyrkjestølen, som tek deg siste steget opp mot høgfjellet. Mykje av turen går langs vakre Otrøvatnet, også kalla Støgofjorden, 971 m.o.h. Vandringa går delvis på autentisk kongeveg, nokre gonger langs med gamle E16, nokre gonger må du krysse gamlevegen. Bakkane opp frå Tyinkrysset er omtala i fleire reiseskildringar frå 1800-talet. Spesielt bakkane nord for Tørisbrune (Tørisbrua) og opp til Otrøvatnet var hard for hestane.

Vandringa held fram mellom Otrøvatnet og Støgonøse (fjell) mot Nystuen. Så over ei lita høgd dei kallar Varden og ned til Kyrkjestølane, som har historie frå mellomalderen. Her står St. Tomaskyrkja. Og her sjekkar du inn. Då har du gått cirka 11 kilometer frå Varpe bru. Bagasjen din er frakta hit. 
Du kan kjøpe middag på Kyrkjestølen (ikkje inkl. i prisen). Les meir om delstrekninga Tyinkrysset-Kyrkjestølen og den gamle marknadsplassen på Kyrkjestølen her.


VANDREDAG 2:
Etter frukost startar du ved Kyrkjestølen og går langs E16 eit par hundre meter mot retninga du kom dagen før, før du går inn på den berømte delstrekninga Kyrkjestølen-Maristova, som tek deg over toppen av Filefjell og til Kongevegens høgaste punkt - cirka 1250 m.o.h.
Vegen over Murklopphøgda har storslått utsyn til tindene i Hurrungane. Du passerer Stiftstøtta, ein marmorbauta som markerte det gamle skiljet mellom Akershus og Bergen stift. Her er fin rasteplass.
Oppe på fjellet er terrenget lettgått og flatt før vegen går bratt ned mot Maristova på cirka 800 m.o.h. Maristova har hatt overnatting og samferdsle sidan første halvdel av 1300-talet. Turen Kyrkjestølen-Maristova tek 3-6 timar. Les meir om delstrekninga Kyrkjestølen-Maristova her. 

Frå Maristova går du ned vestenden av Filefjell, delstrekninga Maristova-Borlaug. Turen går på autentisk kongeveg, natursti, litt asfalt, forbi elv og over bekkar, over fjellvidde og gjennom lun granskog. På vegen passerer du ulikt kulturlandskap, gardar og ruiner etter gamle buplassar. Like etter start Maristova kan du ta ein kort omveg om Honingane, eit gamalt stølsområde med bygningar frå mellomalderen.
Eit smykke på denne strekninga er hengebrua Brattebakken bru, bygd etter inspirasjon av kongevegbruene du møter andre stadar på kongevegen.
Til slutt er du i grenda Borlaug øvst i Lærdal. Du har gått cirka 18 kilometer og kan sjekke inn på HI Borlaug for ein dusj og kjøp av enkel middag som du lagar sjølv i gjestekjøkenet. Bagasjen din er frakta hit.


AVREISEDAG:

Etter frukost vitjar du Borlo Bygdetun for guida omvisning (inkl. i prisen og nabo til HI Borlaug). Så tek du rutebuss tilbake til Rogn camping der du evt. har parkert bilen (ikkje i prisen).
Rute 603 (Lærdal-Fagernes) passerer Borlaug klokka 11:47 og er ved Rogn camping cirka klokka 12.50. Rute NW 162 (Bergen-Lillehammer) passerer Borlaug kl. 13.01 og er ved Rogn cirka kl. 14.25 (atterhald om ruteendringar).


PRIS PER PERSON 1 895,- kroner 

Tillegg i prisen om du ber om rom åleine (kjem an på kapasitet)

I PRISEN FÅR DU: 👍
3 overnattingar i hytte/fjellstøl/vandrarheim
3 frukostar der du kan smøre lunsjpakke for turen
Den eine frukosten skjer i eit 200 år gamalt stabbur
Sengeklær og romvask
Transport til/frå Kvamskleive ankomstdagen om du seier ifrå på førehand
Transport til startpunktet ved Varpe bru første vandredag
Bagasjetransport Rogn camping-Kyrkjestølen 1. vandredag
Bagasjetransport Kyrkjestølen-Borlaug 2. vandredag
Guida omvisning på Borlo Bygdetun på avreisedagen

VILKÅR:
«Kongevegen Fjellpasset + Kvamskleive» er ein kortare og enklare versjon av turpakka «Kongevegen Fjellpasset-3 dagar» der vi også legg til rette for at du kan vandre Kvamskleive ankomstdagen. Tidlegare heitte pakka «Kongevegen Fjellpasset Økonomi-3 dagar». Du vandrar framleis på dei viktigaste delane av fjellpasset, og overnattar på campingplass, fjellstøl og vandrarheim. Ved stor pågang må du dele rom med andre, og på èin overnattingstad (Kyrkjestølen) er det utedo (med dusj og vask). Folk som reiser saman har høve til å booke rom saman utan andre gjester (atterhald om kapasitet). Med same atterhald kan du også booke rom åleine. 

EKSTRA TILBOD, IKKJE INKLUDERT I PRISEN:
Middag på Kyrkjestølen
Enkel middag du lagar sjølv hjå HI Borlaug
Historie- og naturguiding i Kvamskleive (ankomstdagen, på førespurnad på førehand)
Omvisning i stølstunet og St. Tomaskyrkja på Kyrkjestølen (første vandredag, på førespurnad)
Omvisning i Margretestuen Fjellstovemuseum (andre vandredag, på førespurnad)
Buss frå Borlaug tilbake til Rogn siste dag

BUSS:
Rute 603 (Lærdal-Fagernes) passerer Borlaug klokka 11:47 og er ved Rogn cirka klokka 12.50 (ikkje laurdagar). Bussen tek med hund.
Rute NW 162 (Bergen-Lillehammer) passerer Borlaug kl. 13.01 og er ved Rogn cirka klokka 14.25 dagleg. Bussen tek med kun sertifisert hund (som førarhund).
(atterhald om ruteendringar).
Alternativ: Solheim Taxi.

ANBEFALTE TILLEGGSOPPLEVINGAR: 👍
Proviantere hjå Joker Tyinkrysset (midten av første vandredag)
Treng du utstyr? Intersport Tyinkrysset (midten av første vandredag)

 

 

 

Eg ønsker å
Vilkår (*):
Takk for henvendinga, vi tek kontakt så snart som mogleg.
Velg dato for tur
09. juni 2019
Ankomstdato 09.06.2019
Avreisedato 12.06.2019
Tal plassar 10
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 27.05.2019
Pris 1895,- per pers.
13. juni 2019
Ankomstdato 13.06.2019
Avreisedato 16.06.2019
Tal plassar 10
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 27.05.2019
Pris 1895,- per pers.
16. juni 2019
Ankomstdato 16.06.2019
Avreisedato 19.06.2019
Tal plassar 10
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 27.05.2019
Pris 1895,- per pers.
20. juni 2019
Ankomstdato 20.06.2019
Avreisedato 23.06.2019
Tal plassar 10
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 27.05.2019
Pris 1895,- per pers.
23. juni 2019
Ankomstdato 23.06.2019
Avreisedato 26.06.2019
Tal plassar 10
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 27.05.2019
Pris 1895,- per pers.
27. juni 2019
Ankomstdato 27.06.2019
Avreisedato 30.06.2019
Tal plassar 10
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 27.05.2019
Pris 1895,- per pers.
30. juni 2019
Ankomstdato 30.06.2019
Avreisedato 03.07.2019
Tal plassar 10
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 27.05.2019
Pris 1895,- per pers.
01. juli 2019
Ankomstdato 01.07.2019
Avreisedato 04.07.2019
Tal plassar 10
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 10.06.2019
Pris 1895,- per pers.
04. juli 2019
Ankomstdato 04.07.2019
Avreisedato 07.07.2019
Tal plassar 10
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 10.06.2019
Pris 1895,- per pers.
07. juli 2019
Ankomstdato 07.07.2019
Avreisedato 10.07.2019
Tal plassar 10
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 10.06.2019
Pris 1895,- per pers.
11. juli 2019
Ankomstdato 11.07.2019
Avreisedato 14.07.2019
Tal plassar 10
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 20.05.2019
Pris 1895,- per pers.
14. juli 2019
Ankomstdato 14.07.2019
Avreisedato 17.07.2019
Tal plassar 10
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 10.06.2019
Pris 1895,- per pers.
18. juli 2019
Ankomstdato 18.07.2019
Avreisedato 21.07.2019
Tal plassar 10
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 10.06.2019
Pris 1895,- per pers.
21. juli 2019
Ankomstdato 21.07.2019
Avreisedato 24.07.2019
Tal plassar 10
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 30.06.2019
Pris 1895,- per pers.
25. juli 2019
Ankomstdato 25.07.2019
Avreisedato 28.07.2019
Tal plassar 10
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 17.06.2019
Pris 1895,- per pers.
28. juli 2019
Ankomstdato 28.07.2019
Avreisedato 31.07.2019
Tal plassar 8
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 17.06.2019
Pris 1895,- per pers.
01. august 2019
Ankomstdato 01.08.2019
Avreisedato 04.08.2019
Tal plassar 10
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 17.06.2019
Pris 1895,- per pers.
04. august 2019
Ankomstdato 04.08.2019
Avreisedato 07.08.2019
Tal plassar 10
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 24.06.2019
Pris 1895,- per pers.
08. august 2019
Ankomstdato 08.08.2019
Avreisedato 11.08.2019
Tal plassar 10
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 24.06.2019
Pris 1895,- per pers.
11. august 2019
Ankomstdato 11.08.2019
Avreisedato 14.08.2019
Tal plassar 10
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 24.06.2019
Pris 1895,- per pers.
15. august 2019
Ankomstdato 15.08.2019
Avreisedato 18.08.2019
Tal plassar 10
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 24.06.2019
Pris 1895,- per pers.
18. august 2019
Ankomstdato 18.08.2019
Avreisedato 21.08.2019
Tal plassar 10
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 14.08.2019
Pris 1895,- per pers.
22. august 2019
Ankomstdato 22.08.2019
Avreisedato 25.08.2019
Tal plassar 10
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 14.08.2019
Pris 1895,- per pers.
25. august 2019
Ankomstdato 25.08.2019
Avreisedato 28.08.2019
Tal plassar 10
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 21.08.2019
Pris 1895,- per pers.
28. august 2019
Ankomstdato 28.08.2019
Avreisedato 31.08.2019
Tal plassar 10
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 25.08.2019
Pris 1895,- per pers.
Ansvarleg
Kongevegbedrifter Filefjell SA
Send e-post
Sender, vennligst vent...
Takk for henvendinga, vi tek kontakt så snart som mogleg.