Velg turpakke

Kongevegen Haustpakke - 3 dagar
STATENSVEGVESEN-KONGEVEGEN-5697.jpeg
14705794_1294045220620362_7749139229291294308_n.jpg
13987660_1249565358401682_2821709633281243319_o.jpg
KONGEVEGEN-LÆRDAL-26225.jpg
070.JPG
DSC_1000.JPG
IMG_5231.JPG
A24ED85E-04F9-4686-B75E-6DEB980C63CC.JPG
IMG_20190715_160108 (1).jpg

Opplev haustfargane på dei mest berømte partia av Kongevegen over Filefjell i løpet av tre dagar. Bu i gode hytter om natta og vandre i historiske fotefar om dagen.

ANKOMST:
Du har køyrt til Eggum gard på Borgund i Lærdal med bil og kan sjekke inn for ein hyggeleg kveld og ei god natts søvn. Det går også direktebuss frå Bergen (Øst/Vest-Xpressen) og frå Oslo (VY170 Sogn og Fjordane-ekspressen) til Borgund.

DAGEN ETTER, VANDREDAG 1: Rundturen Galdane-Seltunåsen
Denne dagen skal du oppleve det berømte Galdane som del av rundturen Galdane-Seltunåsen. Etter frukost kjem Kongevegbussen/Solheim Taxi og hentar deg. Avreise rundt klokka 09:30 og du blir køyrt til Sjurhaugen. Frå rasteplassen her går du over Lærdalselvi ogtil venstre inn på delstrekninga Galdane. Kongevegen gjennom Galdane er full av myter og opplevingar. Du går i historiske fotefar gjennom eit rikt kultur- og naturlandskap. For å få best mogleg utbytte av vandringa, les om delstrekninga Galdane her.
Ta matpausen på husmannsplassen «Galdane» med flott utsikt over Lærdalselvi og «Bergenske Hovedvej» der du skal gå seinare. Infooppslag på kvart hus og to utedoar ovanfor husa. Etter pausen går du vidare langs Lærdalselvi til Seltun bru. Frå brua følger du gangstien langs E16 austover til rasteplassen «Koren» (ca. 1,3 km.). Her går du opp til høgre på «Den Bergenske Hovedvej» frå 1840-åra. For å få best mogleg utbytte av «Den Bergenske Hovedvej» les meir om Seltunåsen her
Etter Seltunåsen kjem du ned på gamle E16 (historisk rute) Her kan du sjå ruinen av Steine bru som var del av «Bergenske Hovedvej». Følg gamle E16 mot Sjurhaugen (5-600 meter austover). Tilbake på rasteplassen ved Sjurhaugen er rundturen over. Heile turen kan ta mellom 3,5 og 4,5 timar. Her blir du henta og køyrd tilbake til Eggum gard. Avtal med Kongevegbussen/Solheim Taxi når du vil bli henta. evt. avtal å ringe ei tid på førehand.
Vertskapet tilbyr enkle middagar du lagar sjølv på hytta, type Fjordland. Evt. handlar du i nærbutikken like ved.

VANDREDAG 2: Rundturen Vindhella-Sverrestigen
Denne dagen skal du oppleve berømte Vindhellavegen som del av rundturen Vindhella-Sverrestigen, og om du vil, nasjonalklenodiet Borgund stavkyrkje. Etter frukost skal du gå (ikkje transport i dag) frå Eggum gard ned til fylkesvegen gjennom Borgund sentrum og 500 meter vestover til du møter krysset som fører inn på E16. Der skal du gå rett fram og inn på det som ein gong var riksveg 60 (altså ikkje inn på E16). Det kan sjå ut som privatveg, men er ikkje det. Hald fram til du tuslar gjennom tunet til Borgund hyttesenter og camping ein god kilometer seinare. Hald fram gjennom nok eit gardstun og vidare til krysset ved E16-tunnelen. Du går inn på vegen som går over tunneltaket og inn på gamle E16 ned til Borgund stavkyrkje. For å få tilgang til stavkyrkja, nye-kyrkja, utstillingane, kafé og toalett må du løyse billett i besøkssenteret.
Du skal gå Sverrestigen først. Stigen byrjar bak den raude Borgund kyrkje bortanfor stavkyrkja. Følg skilta.
Historia fortel at Kong Sverre i oktober 1177 tok denne stigen for å omgå bøndene som stod klare til å lempe stein og tømmerstokkar på birkebeinarane. For å mest mogleg ut av vandringa les om Sverrestigen her.  
Du går gjennom eit svært rikt kulturlandskap. Ved benkplassen der stien deler seg i tre, tek du til venstre og går mot dalbotnen. Nede møter du gamle E16 og går til Vindhellavegen (100 meter) ved Rimskjold. Rasteplass og toalett. Etter pausen går du opp dei berømte svingane i Vindhellaskaret. For best mogleg utbytte; les historia om Vindhellavegen her
På toppen har du to val; Enten kortversjonen med grinda til høgre og stien ned til Borgund stavkyrkje, eller kongevegen rett fram til den møter gamle E16 (anbefalt). Følg så gamle E16 300 meter tilbake til besøksenteret.
Du går tilbake til Eggum gard same vegen som du kom, når du har opplevd ferdig dette svært rike kulturminnerike området. Vertskapet tilbyr enkle middagar du lagar sjølv på hytta, som til dømes Fjordland. Evt. handlar du i nærbutikken like ved.

DAG 3 / AVREISEDAG:
Etter frukost er det avreisedag. Du kan nytte føremiddagen til å besøke Borlo bygdetun (ikkje inkl. i prisen), eller ta deg vandreturar i dalføra rundt Eggum. Spør vertskapet om tips.

 

PRIS PER PERSON: 👍
Om fire eller fleire personar reiser saman: 1 495,- kroner
Om tre personar reiser saman: 1 895,- kroner
Om to personar reiser saman: 2 695,- kroner
Om du reiser åleine: 4 895,- kroner

I PRISEN FÅR DU: 
3 overnattingar i høgstandardhytter
3 frukostar
2 matpakker du smører sjølv under frukosten
Transport tur/retur første vandredag
WIFI

I PRISEN FÅR DU IKKJE:
Middag
Guiding/omvisning

MAT PÅ VEGEN
Postaabneriet Pub & Cafe
Tuben Kiosk/gatekjøken
Kafé i besøkssenteret Borgund Stavkyrkje
Borgund nærbutikk og bakst

ANBEFALTE TILLEGGSOPPLEVINGAR:
Borlo bygdetun

BLI LENGRE I LÆRDAL? 👍
Lærdal er plassert geografisk i midten av ein svært rik turistregion. Bur du i Lærdal når du alle attraksjonane i Sogn på kort tid (Flåmsbana, Nærøyfjorden, Aurlandsdalen, Rallarvegen, Jostedalsbreen, Utladalen, og Urnes, Kaupanger, Borgund og Undredal stavkyrkjer). Prøv Sanden pensjonat, Lærdal Ferie- og Fritidspark, Lærdalsøren Hotel eller Gamle Lærdalsøyri leiligheter for meir overnatting.

 

 

 

 

 

 

Eg ønsker å
Vilkår (*):
Takk for henvendinga, vi tek kontakt så snart som mogleg.
Velg dato for tur
22. august 2019
Ankomstdato 22.08.2019
Avreisedato 25.08.2019
Tal plassar 12
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 18.08.2019
Pris KR. 1895,- PER PERS. DERSOM TRE REISER SAMAN
29. august 2019
Ankomstdato 29.08.2019
Avreisedato 01.09.2019
Tal plassar 12
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 25.08.2019
Pris KR. 1895,- PER PERS. DERSOM TRE REISER SAMAN
05. september 2019
Ankomstdato 05.09.2019
Avreisedato 08.09.2019
Tal plassar 12
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 01.09.2019
Pris KR. 1895,- PER PERS. DERSOM TRE REISER SAMAN
12. september 2019
Ankomstdato 12.09.2019
Avreisedato 15.09.2019
Tal plassar 12
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 08.09.2019
Pris KR. 1895,- PER PERS. DERSOM TRE REISER SAMAN
19. september 2019
Ankomstdato 19.09.2019
Avreisedato 22.09.2019
Tal plassar 12
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 15.09.2019
Pris KR. 1895,- PER PERS. DERSOM TRE REISER SAMAN
26. september 2019
Ankomstdato 26.09.2019
Avreisedato 29.09.2019
Tal plassar 12
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 22.09.2019
Pris KR. 1895,- PER PERS. DERSOM TRE REISER SAMAN
03. oktober 2019
Ankomstdato 03.10.2019
Avreisedato 06.10.2019
Tal plassar 12
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 29.09.2019
Pris KR. 1895,- PER PERS. DERSOM TRE REISER SAMAN
10. oktober 2019
Ankomstdato 10.10.2019
Avreisedato 13.10.2019
Tal plassar 12
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 06.10.2019
Pris KR. 1895,- PER PERS. DERSOM TRE REISER SAMAN
17. oktober 2019
Ankomstdato 17.10.2019
Avreisedato 20.10.2019
Tal plassar 12
Tal dagar 3
Påmeldingsfrist 13.10.2019
Pris KR. 1895,- PER PERS. DERSOM TRE REISER SAMAN
Ansvarleg
Kongevegbedrifter Filefjell SA
Send e-post
Sender, vennligst vent...
Takk for henvendinga, vi tek kontakt så snart som mogleg.