Velg turpakke

Kongevegen Heile Vegen - 5 dagar
Fjellet - Sverre Hjørnevik.jpg
KONGEVEGEN-VANG-SVERREHJORNEVIK-25576.jpg
Kvamskeliva 3.jpg
IMG_2613.jpg
IMG_2687.jpg
IMG_2754.jpg
IMG_2782.jpg
IMG_9395.jpg
STATENSVEGVESEN-KONGEVEGEN-21782.jpg
maristova-6042333.jpg
IMG_2351.JPG
IMG_1979.JPG
13987660_1249565358401682_2821709633281243319_o.jpg
Kongevegen - Taipale-32.jpg
A24ED85E-04F9-4686-B75E-6DEB980C63CC.JPG
IMG_1927.JPG
IMG_3129.JPG
DSCF0219.JPG
DSC_1023.JPG
070.JPG
IMG_20190715_160108 (1).jpg
KONGEVEGEN-LÆRDAL-26201.jpg

NB: Nye datoar for 2020 blir satt hausten 2019. Har du alt no eit ønske om kva datoar du vil gå kongevegen heile vegen, ta kontakt med oss og vi bookar deg inn.

---------------------

Vikinghøvdingar, mellomalderkongar og danskekongens embetsmenn. Alle hadde éin ting til felles då dei reiste mellom aust og vest; dei måtte gå til fots over Filefjell. Er vi like gode som forfedrane våre? Gå Kongevegen heile vegen, frå Vang til Lærdal!

Ok, biskop Pontoppidan vart dregen på kjelke over fjellet av lokale bønder og husmenn i 1749, ikkje berre ein, men to gonger. Ellers er det føttene alle menn og kvinner har nytta på reisa mellom aust og vest i landet vårt. Sjølv med hjelp av hest vart det ofte ein strabasiøs tur.
I vår tid kan vi oppleve dette som eit eventyr. Bli med på ein minnerik femdagarstur på Kongevegen over Filefjell, med høgste punkt 1250 m.o.h. i fantastisk natur og med rik kulturhistorie. Du startar i Vang, overnattar på historiske gardar, hotell eller hytter og ender på gamle Lærdalsøyri. Vi som bur her fraktar bagasjen din. Litt sånn som vi gjorde med Pontoppidan 😃

ANKOMSTDAG:
Du har køyrt til Sørre Hemsing i Vang i Valdres med bil eller buss og sjekkar inn for ein hyggeleg kveld og ei god natts søvn. Det går også direktebuss  frå Bergen (NW 162 Øst-Vest Xpressen) og frå Oslo (NW 160 Valdresekspressen) til stoppestad Hemsingbrue som passar med innsjekk i denne turpakka. Bussrutene følger E16.
De kan kjøpe middag ved ankomst på Sørre Hemsing om du bestiller på førehand (ikkje inkludert i turpakka).

DAGEN ETTER, VANDREDAG 1: Kvamskleive–Øye–Tyinkrysset
Etter frukost og smøring av nistepakke på Sørre Hemsing startar eventyret. Du startar i tunet og går ned til Neset for å gå sagnomsuste Kvamskleive.
Kvamskleive vart teken i bruk i 1808 og avløyste Kongevegen som til då hadde gått på andre sida av Vangsmjøse. Deler av vegen vart frykteleg bratt, og reisande kalla det dei såg under vegen for «avgrunn» og «livsfarleg».
I enden av Kvamskleive, ved Søndrol, er du komen ned att til E16 og skal ta rutebuss vidare til Øye stavkyrkje (buss inngår ikkje i turpakka). Buss går frå Søndrol klokka 09.04 (rute 138 til Tyinkrysset), klokka 12.56 (NW 162) og klokka 14.35 (NW 160). Bussturen tek cirka 25 minuttar.
Framme ved Øye kan du ta ein titt på den vakre stavkyrkja som dei fann att under eit golv, og etterpå går du knappe 1,5 kilometer på asfalt langs E16 bort til Krokasvingadn i Eidskroke(n). Her tek du inn på autentisk kongeveg og delstrekninga Øye stavkyrkje-Tyinkrysset. Kongevegen går i kupert terreng og med nokre unntak går den på grasdekke opp mot Tyinkrysset. Ved Tyinkrysset går Kongevegen gjennom hyttefelta, og ved «Grøvstølbrue» skal du gå til venstre til Filefjellstuene, og overnatte. Du får kjøpt middag på Filefjellstuene (ikkje inkludert i pakkeprisen).
Fakta første vandredag: totalt cirka 19,5 kilometer der 1,5 kilometer går på asfalt.

VANDREDAG 2: Tyinkrysset-Kyrkjestølen-Maristova
Etter frukost på Filefjellstuene tek du fatt på sjølve fjellstrekninga over Filefjell. Du skal gå Tyinkrysset-Kyrkjestølen og vidare Kyrkjestølen-Maristova. Før du byrjar å gå nedover att mot Maristova passerar du det høgste punktet over fjellet, 1250 m.o.h. - i området ved den gamle stiftstøtta i marmor. 
Overnatting på Maristova i hyttene til Maristuen Fjellferie. Maristova tilbyr enkle middagsretter du kan kjøpe og lage sjølv i hytta (døme: Fjordland). Snakkar du med vertskapet på førehand, kan du få ei kort omvisning i Margrethestova (1792) der vegmeistar C. J. Hammer budde då han leia bygginga av Kongevegen (ikkje med i pakkeprisen). Himmelsenga hans står der framleis!
Fakta andre vandredag: Om lag 18 kilometer i fjellet. Grasdekke. Mindre strekningar med asfalt før Kyrkjestølen i starten av dagen.

VANDREDAG 3: Maristova-Borgund
Etter frukost i hytta startar vandringa på delstrekninga Maristova-Borlaug, som er den «nyaste» strekninga på Kongevegen over Filefjell, med Brattebakken bru som ein attraksjon.
Turen går på autentisk kongeveg, natursti, litt asfalt, forbi elv og over bekkar, over fjellvidde og gjennom lun granskog. 
Vel nede ved Borlaug passerar du Borlo Bygdetun med 21 bygningar med utstillingar som viser mangfaldet i fjellbygda Borgund. Her er kinosal i møkakjellaren, amfi og utescene. Kongevegen går rett gjennom det gamle kulturlandskapet.
Frå bygdetunet går kongvegen vidare nokre hundre meter før du peilar deg inn på vegkanten av E16 ned til krysset der fylkesvegen tek av mot Borgund. Herifrå går turvegen Kongevegen på fylkesvegen, som er gamle E16 gjennom Borgund.
Du er då inne på delstrekninga Borlaug-Borgund stavkyrkje og går på asfalt. Du går forbi små vestlandsgardar med beiteland for sau og geit. Fleire campingplassar ligg her, mellom anna Steinklepp camping. Du passerar Hegg, som var skysstasjon og hotell på Kongevegen i gamle dagar. Like etter ser du gravhaugen etter bygdehøvdigen Spenning Hegg med sin 2,6 meter høge bautastein.
Etter kvart kjem du til Eggum gard, der du skal overnatte. Garden med sine gule sjølvbetjeningshytter ligg til høgre, og nær sentrum av Borgund, med Postaabneriet pub og kafé og Borgund nærbutikk og bakst kloss i turløypa. Vertskapet tilbyr enkle middagar du lagar sjølv på hytta, type Fjordland. Evt. handlar du i nærbutikken.
Fakta tredje vandredag: Cirka 14 kilometer vandring der cirka 8 km. går på asfalt.

VANDREDAG 4: Borgund-Selto
Etter frukost i hytta er du klar for å gå dei meste berømte strekningane av Kongevegen over Filefjell. Du skal oppleve Vindhellavegen, Øygardsvegen og Galdane. Og du kan besøke Borgund stavkyrkje.
Du går ned til fylkesvegen gjennom Borgund sentrum og 500 meter vestover til du møter krysset som fører inn på E16. Du skal ikkje dit, men heller gå rett fram og inn på det som ein gong var riksveg 60. Hald fram til du går gjennom tunet til Borgund hyttesenter og camping ein god kilometer seinare. Her er det gatekjøken med mat og alle rettigheter.
Hald fram gjennom nok eit gardstun og vidare til krysset ved E16-tunnelen. Du går inn på vegen som går over tunneltaket og inn på gamle E16 ned til Borgund stavkyrkje. For å få tilgang til stavkyrkja, nye-kyrkja, utstillingane, kafé og toalett må du løyse billett i besøkssenteret.
Deretter ventar Vindhellavegen. Enten går du bak den raude kyrkja og opp til Vindhellavegen. Eller du kan nyte heile strekninga med å gå 300 meter tilbake dit du kom frå på gamle E16, og byrje Vindhellavegen der den eigentleg startar (anbefalt). Nyt gamal vegbyggarkunst! 
Vel nede frå Vindhellavegen, ved Rimskjold, held du fram på gamle E16 cirka 500 meter på asfalt til du byrjar på Øygardsvegen. Delar av vegen bøyger seg av gårde på murar over nes og bergknabbar, og forbi gamle bruer og gardar, skysstasjonar og gravfelt frå jarnalderen.
Ferda går vidare mot ein annan av dei sagnomsuste strekningane på Kongevegen; Galdane, som alltid har blitt rekna for å vera mellom dei vanskelegaste og farlegaste. Vegen gjennom Galdane er full av myter og opplevingar og har gitt inspirasjon til fleire kjende kunstverk.
Ta gjerne ein matpause på husmannsplassen Galdane som strekninga har fått namn etter. Etterpå går du vidare langs Lærdalselvi til Seltun der Kongevegen møter E16 att.
Her er vandringa over. Du går nokre få meter austover til busslomma ved E16 og tek rute 603 Lærdal-Fagernes til Lærdalsøyri (buss ikkje med i pakkeprisen). Den passerar Seltun cirka klokka 18.30 kvar dag utanom laurdag.
På Lærdalsøyri overnattar du på Lindstrøm hotel (29. august) eller Sanden pensjonat.
Om kvelden kan du oppleve gamle Lærdalsøyri, eit av Norges best bevarte trehusmiljø frå 17- og 1800-talet med om lag 170 trebygningar. 

AVREISEDAG:
Etter frukost kan du vandre rundt på Lærdalsøyri til rute 603 Lærdal-Fagernes går frå Lærdal rådhus kokka 11.10 (ikkje med i pakkeprisen). Den er ved Hemsingbrue klokka 12.45. som er eit kvarters spasertur til Sørre Hemsing der du parkerte bilen då du kom. Snipp, snapp, snute, eventyret på Kongevegen over Filefjell er ute - for denne gong ❤️

Ein ekstra vandredag?
Vil du fullføre heile turvegen Kongevegen, kan du ta bussrute 603 Lærdal-Fagernes (buss ikkje med i pakkeprisen) tilbake til Selto den påfølgande dagen, og gå dei to siste delstrekningane Selto-Ljøsne og Ljøsne-Lærdalsøyri.
Desse delstrekningane går ikkje på autentisk kongeveg fordi den originale kongevegen ligg under dagens E16, men turvegen går på gangstiar, naturstiar og aller mest fylkesvegar på asfalt gjennom det vakre, grøderike dalføret Lærdal. Turen er cirka 20 kilometer lang.
Tilbake på Lærdalsøyri overnattar du, og føremiddagen etter tek den nemde Lærdal-Fagernes bussen klokka 11.10 tilbake til Hemsingbrue i Vang. Her går du eit kvarters spasertur til Sørre Hemsing der du parkerte bilen då du kom.
Vil du ha denne ekstradagen, skriv dette i bestillinga under «kommentar» og me ordnar det for deg.

PRIS PER PERSON: 
Om fire eller fleire personar reiser saman: 4 595,- kroner
Om tre personar reiser saman: 4 995,- kroner
Om to personar reiser saman: 5 595,- kroner
Om du reiser åleine: 8 295,- kroner
(tillegg om du vil ha ein ekstra vandredag)

I PRISEN FÅR DU: 👍
5 overnattingar i tradisjonsgard, fjellhotell, hytter, hotell eller pensjonat
5 frukostar
5 lunsjpakker som du smører sjølv
Sengeklær og romvask
4 bagasjetransportar; Sørre Hemsing-Filefjellstuene, Filefjellstuene-Maristova, Maristova-Borgund og Borgund-Lærdalsøyri

EKSTRA TILBOD, IKKJE INKLUDERT I PRISEN:
Ein vandredag ekstra. Spør oss og vi syr den inn i pakka
Middagar
Evt. kveldsmat
Rutebussane første og fjerde vandredag
Omvisningar på støl, bygdetun, fjellstover etc. undervegs
Guiding/historiefortelling

RUTEBUSS:
Første vandredag:

Buss frå Søndrol mot Øye klokka 09.04 (rute 138 til Tyinkrysset, tillet hund), klokka 12.56 (med NW 162, tillet ikkje hund) og klokka 14.35 (med NW 160, tillet ikkje hund).
Fjerde vandredag:
Buss frå Seltun til Lærdalsøyri klokka 14.40 (NW 162, men bussbytte Håbakken, ikkje hund), klokka 14.55 (VY 170, ikkje hund), og cirka klokka 18.30 (rute 603 Lærdal-Fagernes). Sistnemde buss tillet hund.
Avreisedag: 
Buss frå Lærdal rådhus til Hemsingbrue klokka 11.10 (rute 603 Lærdal-Fagernes, tillèt hund).
Evt. ekstra vandredag:
Buss frå Lærdal rådhus til Seltun klokka 11.10 (rute 603 Lærdal-Fagernes, tillèt hund).​
(atterhald om ruteendringar).
Alternativ: Solheim Taxi.

ANBEFALTE TILLEGGSOPPLEVINGAR: 👍
Utforske Vang, til dømes Vangssteinen (ankomstdagen)
Stikk innom Øye stavkyrkje (første vandredag)
Proviantere hjå Joker Tyinkrysset (siste del av første vandredag)
Treng du utstyr? Intersport Tyinkrysset.
Kafébesøk og omvisning på Kyrkjestølen (du passerer stølen andre dag, open i august)
Omvisning i Margretestuen Fjellstovemuseum (andre dag, på førespurnad)
Omvisning på Borlo bygdetun (tredje dag, på bestilling)
Proviantere på Nærbutikken Borgund (start fjerde vandredag)
Besøke Borgund stavkyrkje (fjerde vandredag)
Pause/proviantere på Joker Ljøsne (under den ekstra vandredagen)

 

 

 

 

Eg ønsker å
Vilkår (*):
Takk for henvendinga, vi tek kontakt så snart som mogleg.
Velg dato for tur
Ansvarleg
Kongevegbedrifter Filefjell SA
Send e-post
Sender, vennligst vent...
Takk for henvendinga, vi tek kontakt så snart som mogleg.