Bestill turpakke

Kongevegen Høstpakke - stavkyrkje, trehus og vandring (2 dagar)
STATENSVEGVESEN-KONGEVEGEN-21798.jpg
Haust 6.jpg
Vindhellavegen.
Du kan også starte ved Borgund stavkyrkje. Les teksten for detaljar om start og parkering.
Seltøyni (foto: Jan Christian Jerving)
Haust 7.jpg
Haust 11.jpg

Er du enig i at hausten er fin for vandring? Nyt den fargerike årstida med rundturar på Kongevegen, eksklusiv guiding og lunsj i Borgund stavkyrkje - og overnatte i gamle trehus frå 1800-talet 👍

Haustpakka er eit tiltak i eit off. støtta prosjekt som skal motverke konsekvensane som pandemien har hatt for reiselivet. 

Det gode klimaet i Lærdal gjer at hausten er fin og held seg lenge. I denne todagars haustpakka, som kun er tilgjengeleg frå 17. august til 9. oktober, kan du nyte hausten med rundturane Vindhella-Sverrestigen og Galdane-Seltåsen. I tillegg får du eksklusive omvisning i Borgund stavkyrkje med eigen guide og påfølgande lunsj i besøkssenteret. Turane passar for alle. Dersom du har med deg barn, blir omvisninga tilpassa borna. Om kvelden overnattar du i historiske krambuer eller gjestehus på Gamle Lærdalsøyri. Det er aktivitet, læring og norsk historie i ei og samme oppleving.

DAG 0, ANKOMST:
Du har køyrt til Lærdalsøyri med bil og kan sjekke inn i Den Gule Krambua, Gamle Lærdalsøyri Boutique Leiligheter, Sanden pensjonat eller Lindstrøm Hotel som alle ligg på Gamle Lærdalsøyri. Staden blir tildelt ut ifrå kapasitet og du vil få eigen e-post om kvar du skal bu. Dersom det er ein stad du føretrekk framfor andre, skriv det i kommentarfeltet når du bestiller.

DAG 1:
Du køyrer til besøkssenteret ved Borgund stavkyrkje og skal bruke første dagen til å oppleve kyrkja og gå rundturen Vindhella-Sverrestigen. Du kan byrje med Sverrestigen først. Stigen startar bak den raude Borgund kyrkje. Gå gjennom grinda, gå rett opp knappe 90 meter til du møter stien og ta til venstre på den.
Historia fortel at Kong Sverre i oktober 1177 tok denne stigen for å omgå bøndene som stod klare til å lempe stein og tømmerstokkar på birkebeinarane. For å få mest mogleg ut av vandringa les om Sverrestigen her.  
Du går gjennom eit svært rikt kulturlandskap. Ved benkplassen der stien deler seg i tre, tek du til venstre og går ned mot dalbotnen. Vel nede møter du gamle E16 og held fram til Vindhellavegen (100 meter) ved Rimskjold. Her går du opp dei berømte svingane i Vindhellaskaret. For best mogleg utbytte; les om Vindhellavegen her. 
På toppen har du to val; Enten kortversjonen med grinda til høgre og stien ned til Borgund stavkyrkje eller Kongevegen rett fram til den møter gamle E16 (anbefalt). Følg så gamle E16 300 meter tilbake til besøkssenteret. Rundturen kan ta om lag 2 timar.
Tilbake ved besøkssenteret står ein guide klar til å ta deg og reisefølget ditt inn i Borgund stavkyrkje. Gjeldande covid-restriksjonar vil bli følgt. Her får du ein eksklusiv omvisning i det vakre nasjonalklenodiet (ope mellom 10 og 17). Etter omvisninga ventar lunsj med varm suppe i besøkssenteret.
Etterpå køyrer du tilbake til overnattingsstaden din på Gamle Lærdalsøyri.

DAG 2:
Etter frukost og pakking av nistepakke, sjekkar de ut av overnattingsstaden. Deretter køyrer de til rasteplassen ved Sjurhaugsfossen, som ligg i den austre enden av Seltatunnelen på E16. Ikkje bli skremt av brakkeriggen som står her for tida. Mesta rustar opp tunnelen, men det er ikkje anleggsdrift her om dagen.
Herfrå skal de gå rundturen Galdane-Seltåsen. De går over Lærdalselvi og tek straks til venstre inn på delstrekninga Galdane. Kongevegen gjennom Galdane er full av myter og opplevingar. For å få best mogleg utbytte av vandringa, les om delstrekninga Galdane her. 
Ta matpausen på husmannsplassen «Galdane» med flott utsikt over Lærdalselvi og «Bergenske Hovedvej» der du skal gå seinare. Infooppslag på kvart hus og to utedoar ovanfor husa. Etter pausen går du vidare langs Lærdalselvi til Seltun bru. Frå brua følger du gangstien langs E16 austover til rasteplassen «Koren» (ca. 1,3 km.). Her går du opp til høgre på «Den Bergenske Hovedvej» frå 1840-åra. For å få best mogleg utbytte av «Den Bergenske Hovedvej» les meir om Seltunåsen her. 
Etter Seltunåsen kjem du ned på gamle E16 (historisk rute) Her kan du sjå ruinen av Steine bru som ein gong var del av «Bergenske Hovedvej». Følg gamle E16 mot Sjurhaugen (5-600 meter austover). Tilbake ved rasteplassen er rundturen over.
Heile turen kan ta mellom 3,5 og 4,5 timar. 

I PAKKEPRISEN FÅR DU: 👍
2 overnattingar på Gamle Lærdalsøyri
2 frukostar med høve til å lage nistepakke til dag 2 (dag 1 får du lunsj i Borgund)
Omvisning i Borgund stavkyrkje med eigen guide (dag 1)
Lunsj (suppe m.m.) i Borgund stavkyrkje besøkssenter (dag 1)
Sengeklede, håndklede og utvask
WIFI
Gratis parkering

I PRISEN FÅR DU IKKJE:
Middag
Ikkje nistepakke vandredag 1 (du får i staden lunsj i Borgund)
Guide på rundturane 
Transport til rundturane

PAKKEPRIS 👍
Kr. 2 190,- per person (min. 4 pers)
Kr. 2 590,- per person (min. 2 pers)

Eg ønsker å
Vilkår (*):
Takk for henvendinga, vi tek kontakt så snart som mogleg.
Booking
Ansvarleg
Kongevegbedrifter Filefjell SA
Send e-post
Sender, vennligst vent...
Takk for henvendinga, vi tek kontakt så snart som mogleg.