I denne opplevinga går du frå Austlandet til Vestlandet på truger og ski slik våre forfedre gjorde. Akkurat som i gamle dagar har vi stikka ut Kongevegen for vinterbruk. Vi frakter bagasjen, ordnar frukost og niste, køyrer deg og utstyret på plass - og hentar deg etterpå. ❤️
ANKOMSTDAG:
Du har køyrt til Tyinkrysset og sjekkar inn hjå Opplev Filefjell. Det går direktebuss frå Bergen (NW 162 Øst-Vest Xpressen) og frå Oslo (NW 160 Valdresekspressen) som passar med innsjekk i denne turpakka. Bussrutene følger E16.
DAG 1:
Vinteropplevinga på Kongevegen startar på truger. Etter frukost køyrer verten deg til eit startpunkt på delstrekninga Øye-Tyinkrysset. Om du vil kan du starte dagen med eit besøk i Låvemuseet. Du går på truger på ein snødekt kongeveg opp til Varpe bru. Turen er på følger den autentiske kongeveglina, som du kan lese om her. Framme ved Varpe bru blir du henta av verten. Om kvelden tek verten deg med ut på opplevinga «Kongevegen Vinternatt» dersom du har bestilt det. Middag får du kjøpt på Tyinkrysset fjellstue eller på Filefjellstuene, eventuelt handlar du på Joker like ved og tilbereder på kjøkenet til Opplev Filefjell.
DAG 2:
Dette er ein skidag. Etter frukost køyrer verten deg til Kyrkjestølen, der du skal gå delstrekninga Kyrkjestølen-Maristova på cirka 10,7 km. Den berømte strekninga over toppen av Filefjell ser heilt annleis ut når fjellvidda er dekka av kvitt. Her skal du oppleve korleis det var for våre forfedre å passere aust-vest midtvinters. I akvarellen til Wilhelm Maximilian Carpelan (1819) hadde forfedrane våre stukke ut Kongevegen med staur. Vi har brukt stikker. Forfedrene våre gjekk også ut mannsterke og tråkka vegen med føttene. Vi har køyrt såle med snøscooter.
Det høgaste punktet på vegen er cirka 1250 m.o.h. Du passerer Stiftstøtta, marmorbautaen som markerte skiljet mellom gamle Akershus og Bergens stift. Truleg ser du berre toppen av støtta no når Kong Vinter regjerer. Er det klarvêr kan du sjå heilt til Jotunheimen.
Bruk vanlege fjellski. Det er ikkje laga skispor. Turen er ein ekte fjelltur, over fjellvidda på Filefjell, på naturleg underlag og utan toppar. Turen kan ta 3-4 timar.
Etter kvart startar nedstiginga til Maristova som ligg cirka 800 m.o.h. Følg den stikka løypa som tek ein liten omtur her, for nedstigninga blir elles for bratt. Den aller siste, korte biten bør du ta av deg skia om du ikkje er sterk til å ploge.
Du skal bu i hytte hjå Maristuen Fjellferie. Bagasjen din (og trugene dine) er blitt frakta hit (1 kolli per pers.). På Maristova tilbyr vertane enkle middagsretter du kjøper og lager sjølv i hytta (døme: Fjordland eller lokale Sognelapskaus).
DAG 3:
Denne dagen skal du igjen ha på deg truger. Etter frukost (frukosten er lagt inn i hytta) går du ned vestsida av Filefjell på delstrekninga Maristova-Borlaug. Turen går på autentisk kongeveg, natursti og litt asfalt, men dekt av snø. Turen er 7 kilometer lang og har ein høgdeskilnad på 300 meter. Like etter start kan du ta ein kort omveg om Honingane, eit gamalt stølsområde med bygningar frå mellomalderen.
Eit smykke på delstrekninga er Brattebakken bru, ei hengebru bygd etter inspirasjon av kongevegbruene du møter andre stadar på Kongevegen.
Etter kvart når du grenda Borlaug. Turen hit tek gode 2 timar pluss eventuell matpause. Verten hentar deg og køyrer deg og bagasjen tilbake til Tyinkrysset der du starta tre dagar tidlegare.
PRIS PER PERSON 3 980,- kroner
ALT DETTE FÅR DU I PRISEN: 👍
3 overnattingar i rom eller høgstandardhytte
3 frokostar
2 lunsjpakker du smører under frukosten
Transport til startpunktet første vandredag
Henting første vandredag
Transport til Kyrkjestølen andre vandredag
Henting på Borlaug siste vandredag
Frakt av ski og truger alle dager
Bagasjetransport to dager
Sengeklær og romvask
Stikka og skilta rute
IKKJE INKLUDERT I PRISEN:
Middag og kveldsmat
Eventuell transport med rutebusser
Ski (ta med eigne fjellski)
Truger
Guiding/historiefortelling
KRAV TIL DEG:
Du er normalt fjellvand og kan gå på truger og ski
Du tek på deg klede og utstyr som duger for skitur over fjellet: varmt undertøy, vanntett/vindtett bukse, tjukk/varm genser, vanntett/vindtett jakke, varm lue som dekker øyrene, klede som dekker halsen, votter, tjukke sokker og rett skotøy
På ski mellom Kyrkjestølen og Maristova følger du den stikka løypa (andre vandredag)
Du følger velmeinte råd frå lokalkjende vertar
Du tykkjer fjellvettreglane har noko for seg
ANBEFALTE TILLEGGSOPPLEVINGAR: 👍
Opplevinga «Kongevegen Vinternatt» med Opplev Filefjell
Besøke Låvemuseet (første vandredag)
Proviantere hjå Joker Tyinkrysset (ankomstdag og første vandredag)
Ete middag på Tyinkrysset Fjellstue eller Filefjellstuene (ankomstdag og første vandredag)
Treng du utstyr? Intersport Tyinkrysset
(Bilder over: Bjørgnhild Holien, Jan Christian Jerving og Silje & Anja Damstuen Forthun)