Bestill turpakke

Kongevegen på ski (rundtur 2 dagar)

NB: Me skifter bestillingssystem. Inntil vidare bestiller du denne turen ved å skrive til oss. Trykk «send e-post» til høgre og me ordnar bestillinga manuelt for deg.

I denne opplevinga kryssar du over frå Austlandet til Vestlandet og tilbake. Du går over høgfjellet første dagen og tilbake gjennom Smedalen andre dagen. Akkurat som forfedrane våre, har vi stikka ut den gamle Kongevegen for vinterbruk. Mens du går, frakter vi bagasjen. ❤️


ANKOMSTDAG:
Du har køyrt til Tyinkrysset og sjekkar inn hjå Filefjellstuene eller Opplev Filefjell. Det går direktebuss frå Bergen (NW 162 Øst-Vest Xpressen) og frå Oslo (NW 160 Valdresekspressen) som passar med innsjekk i denne turpakka. Bussrutene følger E16. Om kvelden blir du med på opplevinga «Kongevegen Vinternatt» dersom du har bestilt det. 

DAG 1:
Enten startar du frå hotellet, eller så køyrer verten deg til Kyrkjestølen der du skal gå delstrekninga Kyrkjestølen-Maristova. Den berømte strekninga over toppen av Filefjell ser veldig annleis ut når fjellvidda er dekka av kvitt. Her skal du oppleve korleis det var for forfedrane våre å passere aust-vest midtvinters. I akvarellen til Wilhelm Maximilian Carpelan (1819) hadde forfedrane våre stukke ut Kongevegen med staur. I våre dagar brukar vi stikker. Forfedrene våre gjekk også ut mannsterke og tråkka vegen med føttene. Vi har køyrt såle med snøscooter.
Det høgaste punktet på vegen er cirka 1250 m.o.h. Du passerer Stiftstøtta, marmorbautaen som markerte skiljet mellom gamle Akershus og Bergens stift. Truleg ser du berre toppen av støtta no når Kong Vinter regjerer. Er det klarvêr kan du sjå heilt til Jotunheimen.
Du skal bruke vanlege fjellski. På store deler av strekninga er det ikkje laga skispor. Turen er ein ekte fjelltur, over fjellvidda på Filefjell, på naturleg underlag og utan toppar.
Etter kvart startar nedstiginga til Maristova som ligg cirka 800 m.o.h. Følg den stikka løypa som tek ein liten omtur her, for nedstigninga blir elles for bratt. Den aller siste, korte biten bør du ta av deg skia om du ikkje er sterk til å ploge. 
Du skal bu i hytte hjå Maristuen Fjellferie. Bagasjen din er blitt frakta hit (1 kolli per pers.). På Maristova tilbyr vertane enkle middagsretter du kjøper og lager sjølv i hytta (døme: Fjordland eller lokale Sognelapskaus).
Lengde: 10,7 km (7 km. ekstra om du startar ved hotellet)
Tid: 3-5 timar (4-6 timar om du startar ved hotellet)

DAG 2:
Etter frukost i hytta skal du ut på ein litt rolegare skitur enn gårsdagen. Du startar på Maristova og følger etterfølgaren til Kongevegen «Den Bergenske Hovedvej» frå cirka år 1850 austover gjennom flate Smeddalen, dalføret du såg under deg i store deler av turen på Kongevegen dagen før, og som er dalføret dagens hovudveg, E16, følger. Løypa er preparert og lett å følge. Du følger den fram til Brusestølen. Der går skiløypa vidare til Buhaugen og etter kvart til Fillestølen. Den siste delen av skituren fram til Kyrkjestølen går du på den gamle Kongevegen igjen. 
Om du ikkje held fram forbi Nystuen og ned til Tyinkrysset hentar verten deg og køyrer deg dit du parkerte bilen då du kom.
Lengde: cirka 12 km. (cirka 19 km. om du held fram til hotellet)
Tid: 2-4 timar (3-5 om du held fram til hotellet)

PRIS PER PERSON 2023: 
Om 4 eller fleire reiser saman: 2 390,- kroner
Om 3 personar reiser saman: 2 790,- kroner
Om 2 personar reiser saman: 2 990,- kroner

ALT DETTE FÅR DU I PRISEN: 👍
2 overnattingar i hytter
2 frokostar
2 lunsjpakker du smører under frukosten
Evt. transport til Kyrkjestølen første dag
Evt. henting på Kyrkjestølen siste dag
Evt. frakt av ski begge dager
Bagasjetransport to dager
Sengeklær og romvask
Stikka og skilta rute første dag
Preparert rute andre dag

IKKJE INKLUDERT I PRISEN:
Middag og kveldsmat
Eventuell transport med rutebusser
Ski (ta med fjellski)
Guiding/historiefortelling

KRAV TIL DEG
Du er normalt fjellvand og kan gå på ski
Du tek på deg klede og utstyr som duger for skitur over fjellet: varmt undertøy, vanntett/vindtett bukse, tjukk/varm genser, vanntett/vindtett jakke, varm lue som dekker øyrene, klede som dekker halsen, votter, tjukke sokker og rett skotøy
Du følger stikka løype Kyrkjestølen-Maristova og preparert løype tilbake langs Smedalen
Du følger velmeinte råd frå lokalkjende vertar 
Du tykkjer fjellvettreglane har noko for seg

ANBEFALTE TILLEGGSOPPLEVINGAR: 👍
Opplevinga «Kongevegen Vinternatt» med Opplev Filefjell
Proviantere hjå Joker Tyinkrysset (ankomstdag)
Ete middag på Tyinkrysset Fjellstue eller Filefjellstuene (ankomstdag og siste dag)
Treng du utstyr? Intersport Tyinkrysset

(Bilder over: Bjørgnhild Holien, Jan Christian Jerving og Knut Horvath Maristuen)

Ansvarleg
Kongevegbedrifter Filefjell SA
Send e-post