Bestill turpakke

Kongevegen Vårpakke - stavkyrkje, trehus og vandring (2 dagar)
t (2).jpg
Foto: Håkon Li
t.jpg
Bergenske+II.jpg
Foto: Håkon Li
Foto: Finn Loftesnes

NB: Me byter bestillingssystem. Inntil vidare bestiller du denne turen ved å skrive til oss. Trykk «send e-post» til høgre og me ordnar bestillinga manuelt for deg.

Lyst til å røre på deg etter ein lang vinter? Har du barn og vil få dei i aktivitet? Møt våren med rundturar på Kongevegen, guiding i Borgund stavkyrkje og overnatting i gamle trehus frå 1800-talet 👍

Det gode klimaet i Lærdal gjer at våren plar komme tidleg. I denne todagars vårpakka, som kun er tilgjengeleg frå 15. april til 11. juni, kan du nyte den med rundturane Vindhella-Sverrestigen og Galdane-Seltåsen. I tillegg får du omvisning i Borgund stavkyrkje med guide. Om kvelden overnattar du i historiske krambuer eller gjestehus på Gamle Lærdalsøyri. Det er aktivitet, læring og norsk historie i ei og samme oppleving.

DAG 0, ANKOMST:
Du har køyrt til Lærdalsøyri med bil og kan sjekke inn i Den Gule Krambua, Gamle Lærdalsøyri Boutique Leiligheter, Sanden pensjonat eller Lindstrøm Hotel på Gamle Lærdalsøyri, eller Lærdal hotell ved Sognefjorden. Staden blir tildelt ut ifrå kapasitet og du vil få eigen e-post om kvar du skal bu. Dersom det er ein stad du føretrekk framfor andre, skriv det i kommentarfeltet når du bestiller.

DAG 1:
Du køyrer til besøkssenteret ved Borgund stavkyrkje og skal bruke første dagen til å oppleve kyrkja og gå rundturen Vindhella-Sverrestigen. Du kan byrje med Sverrestigen først. Stigen startar bak den raude Borgund kyrkje. Gå gjennom grinda, gå rett opp knappe 90 meter til du møter stien og ta til venstre på den.
Historia fortel at Kong Sverre i oktober 1177 tok denne stigen for å omgå bøndene som stod klare til å lempe stein og tømmerstokkar på birkebeinarane. For å få mest mogleg ut av vandringa les om Sverrestigen her.  
Du går gjennom eit svært rikt kulturlandskap. Ved benkplassen der stien deler seg i tre, tek du til venstre og går ned mot dalbotnen. Vel nede møter du gamle E16 og held fram til Vindhellavegen (100 meter) ved Rimskjold. Her går du opp dei berømte svingane i Vindhellaskaret. For best mogleg utbytte; les om Vindhellavegen her. 
På toppen har du to val; Enten kortversjonen med grinda til høgre og stien ned til Borgund stavkyrkje eller Kongevegen rett fram til den møter gamle E16 (anbefalt). Følg så gamle E16 300 meter tilbake til besøkssenteret. Rundturen kan ta om lag 2 timar.
Tilbake ved besøkssenteret blir du med inn i Borgund stavkyrkje. Her er omvisning i det vakre nasjonalklenodiet mellom klokka 09:30 og 17:30. Etterpå køyrer du tilbake til overnattingsstaden din på Gamle Lærdalsøyri.

DAG 2:
Etter frukost og pakking av nistepakke, sjekkar de ut av overnattingsstaden. Deretter køyrer de til rasteplassen ved Sjurhaugsfossen, som ligg i den austre enden av Seltatunnelen på E16.
Herfrå skal de gå rundturen Galdane-Seltåsen. De går over Lærdalselvi og tek straks til venstre inn på delstrekninga Galdane. Kongevegen gjennom Galdane er full av myter og opplevingar. For å få best mogleg utbytte av vandringa, les om delstrekninga Galdane her. 
Ta matpausen på husmannsplassen «Galdane» med flott utsikt over Lærdalselvi og «Bergenske Hovedvej» der du skal gå seinare. Infooppslag på kvart hus og to utedoar ovanfor husa. Etter pausen går du vidare langs Lærdalselvi til Seltun bru. Frå brua følger du gangstien langs E16 austover til rasteplassen «Koren» (ca. 1,3 km.). Her går du opp til høgre på «Den Bergenske Hovedvej» frå 1840-åra. For å få best mogleg utbytte av «Den Bergenske Hovedvej» les meir om Seltunåsen her. 
Etter Seltunåsen kjem du ned på gamle E16 (historisk rute) Her kan du sjå ruinen av Steine bru som ein gong var del av «Bergenske Hovedvej». Følg gamle E16 mot Sjurhaugen (5-600 meter austover). Tilbake ved rasteplassen er rundturen over.
Heile turen kan ta mellom 3,5 og 4,5 timar. 

I PAKKEPRISEN FÅR DU: 👍
2 overnattingar på Gamle Lærdalsøyri eller ved Sognefjorden
2 frukostar med høve til å lage nistepakke
Inngang i Borgund stavkyrkje
Sengeklede, håndklede og utvask
WIFI
Gratis parkering

I PRISEN FÅR DU IKKJE:
Middag
Guide på rundturane 
Transport til rundturane

PAKKEPRIS 👍
Kr. 2 190,- per person (min. 4 pers)
Kr. 2 590,- per person (2-3 pers)

Ansvarleg
Kongevegbedrifter Filefjell SA
Send e-post