Bestill turpakke

Kongevegen Vårpakke + Elvis eller Tina tribute show
Grahame Patrick og Coco Fletcher som høvesvis Elvis Presley og Tina Turner.
t.jpg
t (2).jpg
Foto: Håkon Li
Kongevegen - Vindhella og diverse-23.jpg
Kongevegen - Vindhella og diverse-10.jpg
Kongevegen - Vindhella og diverse-38.jpg

I denne vårpakka, berre tilgjengeleg torsdag-søndag i veke 17 og veke 22, kombinerer du vandring på Kongevegen om dagen med fantastiske Elvis og Tina tribute shows om kvelden!👍

Heile det musikalske livet til Elvis i Grahame Patrick sin skikkelse blir vist fram saman med The Stamps Quartet, dansarar og eit liveband i eit forrykande show torsdag-laurdag i veke 17 i Lærdal Showteater.

Det same med Tina Turner i Coco Fletcher sin skikkelse i showet «Ike Turner og The Ikettes». Dette er ei reise gjennom fem tiår med rockeikonets musikalske historie og største hits. Torsdag-laurdag i veke 22, også i Lærdal Showteater.

Om dagen går du rundturane Vindhella-Sverrestigen og Galdane-Seltåsen, med inngang i Borgund stavkyrkje. Om kvelden overnattar du i historiske omgjevnader på eller rundt Gamle Lærdalsøyri

DAG 0, ANKOMST:
Du har køyrt til Lærdalsøyri med bil og kan sjekke inn i Den Gule Krambua, Gamle Lærdalsøyri Boutique Leiligheter, Sanden pensjonat eller Lindstrøm Hotel på Gamle Lærdalsøyri, eller Lærdal hotell ved Sognefjorden. Staden blir tildelt ut ifrå kapasitet og du vil få eigen e-post om kvar du skal bu. 

Konserten: Du går på konsert denne kvelden eller påfølgande kveld.
Konsertkveldar Elvis: torsdag 25., fredag 26. og laurdag 27. april. 
Konsertkveldar Tina: Torsdag 30. mai, fredag 31. mai eller laurdag 1. juni.

DAG 1:
Du køyrer til besøkssenteret ved Borgund stavkyrkje og skal bruke første dagen til å oppleve kyrkja og gå rundturen Vindhella-Sverrestigen. Du kan byrje med Sverrestigen først. Stigen startar bak den raude Borgund kyrkje. Gå gjennom grinda, gå rett opp knappe 90 meter til du møter stien og ta til venstre på den. For å få mest mogleg ut av vandringa les om Sverrestigen her.  
Ved benkplassen der stien deler seg i tre, tek du til venstre og går ned mot dalbotnen. Vel nede møter du gamle E16 og held fram til Vindhellavegen (100 meter) ved Rimskjold. Her går du opp dei berømte svingane i Vindhellaskaret. For best mogleg utbytte; les om Vindhellavegen her. 
På toppen har du to val; Enten kortversjonen med grinda til høgre og stien ned til Borgund stavkyrkje eller Kongevegen rett fram til den møter gamle E16 (anbefalt). Følg så gamle E16 300 meter tilbake til besøkssenteret. Rundturen kan ta om lag 2 timar.
Tilbake ved besøkssenteret blir du med inn i Borgund stavkyrkje. Omvisning mellom klokka 09:30 og 17:30. Etterpå køyrer du tilbake til overnattingsstaden din på Lærdalsøyri.

Om kvelden konsert i Lærdal Showteater om du ikkje har fått billett kvelden før. Konsertkveldar Elvis: torsdag 25., fredag 26. og laurdag 27. april. 
Konsertkveldar Tina: Torsdag 30. mai, fredag 31. mai eller laurdag 1. juni.

DAG 2:
Etter frukost og pakking av nistepakke, sjekkar du ut av overnattingsstaden. Deretter køyrer du til rasteplassen ved Sjurhaugsfossen, som ligg i den austre enden av Seltatunnelen på E16.
Herfrå skal de gå rundturen Galdane-Seltåsen. De går over Lærdalselvi og tek straks til venstre inn på delstrekninga Galdane. For å få best mogleg utbytte av vandringa, les om delstrekninga Galdane her. 
Ta matpausen på husmannsplassen «Galdane» med flott utsikt over Lærdalselvi og «Bergenske Hovedvej» der du skal gå seinare. Etter pausen går du vidare langs Lærdalselvi til Seltun bru. Frå brua følger du gangstien langs E16 austover til rasteplassen «Koren» (ca. 1,3 km.). Her går du opp til høgre på «Den Bergenske Hovedvej» frå 1840-åra. For å få best mogleg utbytte av «Den Bergenske Hovedvej» les meir om Seltunåsen her. 
Etter Seltunåsen kjem du ned på gamle E16 (historisk rute) Her kan du sjå ruinen av Steine bru som ein gong var del av «Bergenske Hovedvej». Følg gamle E16 mot Sjurhaugen (5-600 meter austover). Tilbake ved rasteplassen er rundturen over. Heimreise.

I PAKKEPRISEN FÅR DU: 👍
2 overnattingar på Gamle Lærdalsøyri eller ved Sognefjorden
2 frukostar med høve til å lage nistepakke
Inngang i Borgund stavkyrkje
Sengeklede, håndklede og utvask
WIFI og gratis parkering

I PRISEN FÅR DU IKKJE:
Middag
Guide på rundturane 
Transport til rundturane
Inngang til konsertane

Slik bestiller du inngang til konsertane:
Bestill Elvis-konsert torsdag, fredag eller laurdag i veke 17
Bestill Tina-konsert torsdag, fredag eller laurdag i veke 22

Sjølve turpakka bestiller du ved å trykke på «Bestill nå» nede til høgre.

TURPAKKEPRIS 👍
Kr. 2 790,- per person (kun turpakka, konsertinngang i tillegg).

Dersom off. transport til rundturane (ikkje inkl.):
Til rundturane: rute 138 frå Lærdal rådhus kl. 11.00 (ikkje laurdag). Første vandredagen går du av ved 
«Lo aust» èin kilometer aust for stavkyrkja. Andre vandredag går du av ved «Sjurhaugen».
Retur frå turane: Første vandredag rute VY170 frå «Lo aust» èin kilometer aust for stavkyrkja klokka 14.48 (dagleg) eller rute 138 cirka klokka 18.20 (ikkje laurdag). Andre vandredag rute VY170 dagleg frå «Sjurhaugen» kl. 14.52, og rute 138 klokka 18.25 (ikkje laurdag).
(atterhald om endringar)

 

LOGO KONGEVEGKRONA.jpg
Ansvarleg
Visit Kongevegen
Send e-post