Besøkssenter villaks Lærdal er eitt av fire autoriserte besøkssenter for villaks i Norge. Hjå oss kan du oppleve, utforske, leike og lære meir om villaksen.
Me har ope kvar dag frå 1. mai til 30. september.
Du kan kombinere besøket med ei kunstoppleving på Sogn kunstsenter og nyte god kortreist mat på Laksen bakeri og kafé - i same bygg.
Senteret er også eit godt utgangspunkt for tur langs Lærdalselvi eller dei gamle verna trehusa på Lærdalsøyri.
I utstillinga går du på eiga hand og utan fysisk guide gjennom laksen sitt livsløp – frå oppveksten i elva, via vandringa ut i storhavet, tilbake gjennom fjorden og opp fødeelva til han stoggar ved fossen.
Undervegs kan du lese, lytte, trykkje deg vidare og teste kunnskapen din med interaktive element og quiz. Målet er å skape refleksjon og vise kva villaksen betyr for oss.
