STATENSVEGVESEN-KONGEVEGEN-21853.jpg

FAQ

Vi får mange spørsmål om Kongevegen over Filefjell. Her er dei mest stilte.

Generelt
Vegen startar ved Kvamskleive i aust og ender på Lærdalsøyri i vest. Turen er cirka 10 mil lang til saman, og du kan gå vegen i begge retningar. Les meir om Kongevegen og anbefalte strekningar - her

Fins det overnattingsbedrifter langs kongevegen?
Ja, det fins overnattingsmoglegheiter langs store deler av vegen – her

Tilbyr de bagasjetransport mellom bedriftene langs kongevegen?
Nokre bedrifter gjer det. Ta kontakt med overnattingsbedriftene og høyr kva dei kan tilby di gruppe – her

Kan eg ha med med barn på kongevegen?
På dei anbefalte etappane går det fint å ha med barn. Men dette må uansett individuelt vurderast på eiga hand.

Kva sesong er best å gå fjellstrekninga?
Frå og med 15. - 20. juni bør det være bart over Filefjell. Då vil det vere mogleg å gå her heilt ut i oktober, til rundt veke 41. Strekninga nedover i Vang og Lærdal kan være mogleg å gå frå cirka 1. mai. Men det kan variere, snøen kan gå både tidligare og seinare.

Kvar anbefalar de å vandre langs kongevegen?
Les meir om kongevegen og dei anbefalte strekningane – her

Korleis er det å sykle langs kongevegen?
Kongevegtraséen kan syklast.
Sykkelkart fins no digitalt. Les meir - her
Varierande underlag: grus, gras, sti og asfalt.

Kan eg nytte hest langs kongevegen?
For dei som ønsker å ha med hest og ri, anbefaler vi eit besøk i forkant for at du kan gjere sjølvstendige vurderingar av moglegheitene og kva strekningar som passar best. Det er varierande underlag: grus, gras, sti og asfalt.

Er kongevegen tilrettelagt for rullestolbrukarar?
Kongevegen er i utgangspunktet ikkje tilrettelagt for rullestol, men det kan være mogleg å ta seg fram på fleire av strekningane. Vi anbefalar ei rekognosering i forkant for å gjere sjølvstendige vurderingar av moglegheitene. Varierande underlag: grus, gras, sti, asfalt.

Korleis er det å telte langs kongevegen?
Du kan telte undervegs, her gjeld dei generelle reglane (i utmark 150 meter unna bebudd hus/hytte og inntil 2 døgn). Om det er strengare lokale regler står det som regel skilt. På innmark må du alltid ha løyve fra grunneigar. På høgfjellet kan du telte i lengre periodar så lenge det ikke er til skade eller ulempe.

Om du bevegar deg litt vekk fra kongevegtraséen vil du finne teltplasser, men nedover i Lærdal og deler av strekninga langs Vennis må du lengre vekk, då det er eit aktivt landbruk og mykje innmark i dalen.

Husk også at du kan telte hjå fleire av overnattingsbedriftene våre. Då vil du også få moglegheit til å nytte deg av fasilitetane bedriftene tilbyr. Ta kontakt med ønska bedrift og sjekk moglegheitene.

Fins det et turkart over kongevegen?
Sjå digitalt kart for heile vandreruta - her
Sjå digitalt kart for heile sykkelruta - her 

Kan eg ta med hund på kongevegen?
Det er uproblematisk å ha med hund langs kongevegen, men ønsker du å overnatte på ein av våre bedrifter er det lurt å sjekke om det er lov med hund på forhånd. Hugs båndtvangreglane. Kontakt bedriftene direkte – her

Fins det transporttilbod langs kongevegen?
Rute for Kongevegbussen - her

Lokalbuss over Filefjell – Les mer
Øst-Vest ekspressen – Les mer
Valdresekspressen – Les mer
Sogn og Fjordane ekspressen – Les mer

Fins det taxitilbod langs kongevegen?

Lærdal:
Solheim Taxi Borgund: 415 10 100

Vang:
Ryfoss Taxi: 46 30 46 30
Vang Taxi: 46 46 46 04