Vilkår ved kjøp av pakketurar på Kongevegen over Filefjell

Kongevegbedrifter Filefjell SA er eit bedriftsnettverk for verksemder (overnattingsstadar/matstadar) og andre sørvistilbydarar langs Kongevegen over Filefjell i Vang og Lærdal kommunar.

Pakketurar som blir presentert på nettstaden www.visitkongevegen.no, www.visitkongevegen.com og de.visitkongevegen.com blir selt av Kongevegbedrifter Filefjell SA. Alle med merkenamnet «Kongevegen» før namnet på pakka, er også arrangert av Kongevegbedrifter Filefjell SA. Dei andre er arrangert av medlemsbedrifter.

  • Ved betaling av faktura for pakketur på Kongevegen over Filefjell i regi av Kongevegbedrifter Filefjell SA aksepterer du samstundes vilkåra du no les.

Kundane forpliktar seg til å setje seg inn i det som er relevant for tenesta du ønsker å kjøpe.

Kongevegbedrifter Filefjell SA tek atterhald om eventuelle trykkfeil i prislister og brosjyrar, samt informasjon som er distribuert på internett.

Kongevegen turkart: Ved kjøp av turkart frå nettsidene gjeld vanlege vilkår for kjøp av varer over internett.

1 BETALING AV PAKKETUREN

Om ikkje anna blir avtalt vil pakketuren med evt. tilleggsordrar bli førehandsfakturert med 100 % av beløpet ved bestilling. Pakketuren må vere betalt for at kunden har sikra seg plassen.

Om kunden nyttar seg av aktivitet/opplevingar under vandringa som ikkje er ein del av pakketilbodet, skal betaling skje til tilbydar.

Kongevegbedrifter Filefjell SA kan likevel ta imot bestilling av aktivitet/opplevingar under vandringa som er nemt som add-ons eller tilleggstilbod i turpakka. Tilleggstenesta blir då fakturerert frå Kongvegbedrifter Filefjell SA.

  • Viss heile summen på faktura ikkje er inne på konto i løpet av 10 dager, står Kongevegbedrifter Filefjell SA fritt til å disponere den bestilte turpakka til andre gjester.

Innbetaling til kontonr. 2146.40.75779 (husk å vise til fakturanummer).
Kongevegbedrifter Filefjell SA, Org.nr: 918 332 723

 

2 AVBESTILLING AV PAKKETUREN

2.1 Generelle avbestillingsreglar for pakketuren

Ordren kan avbestillast inntil 3 veker/21 dagar før opphaldet/aktiviteten skal byrje mot eit avbestillingsgebyr på 400 norske kroner.

  • Ved avbestilling seinare enn 3 veker før aktiviteten skal byrje, vil Kongevegbedrifter Filefjell SA behalde 100 prosent av pris.

Dersom du er usikker på om du kjem til å benytte deg av turpakka og eventuelle tilleggsytingar, anbefalar vi at du teiknar ein reiseforsikring/avbestillingsforsikring.

2.2 Reglar under pakketuren

Hendingar ved overnattingsstad og stadar du kjøper tilleggstenester frå under vandringa, er ei sak mellom deg og tilbydar. Kongevegbedrifter Filefjell SA står kun ansvarleg for tilbodet i pakkene.

3 REISE- ELLER ULUKKESFORSIKRING

All deltakelse i alle Kongevegens turpakker og aktiviteter er på eigen risiko. 

Kongevegbedrifter Filefjell tilbyr ikkje reise- eller ulykkesforsikring på turane/aktivitetane våre. Vi anbefaler at den enkelte deltakar teiknar eigen reise- og ulukkeforsikring.

 

4 HELSEOPPLYSNINGAR

Deltakar(ane) pliktar å opplyse om alle helsemessige formalitetar som kan ha betydning for tryggleiken under under vandringa og aktivitetane.

4.1. Risiko ved vandring/sykling

Kongevegbedrifter Filefjell SA fråseier seg økonomiske plikter som følge av skade på personar/utstyr.

Deltakelse i alle Kongevegens turpakker og aktiviteter er på eigen risiko. 

4.2 Ved dårlig vêr

Kongevegbedrifter Filefjell SA fråseier seg økonomiske plikter om vêret eller andre forhold gjer at du ikkje kan gjennomføre aktiviteten du har betalt for/bestilt.

4.3 Force Majeure

Hendelsar utenfor Kongevegbedrifter Filefjell SA sin kontroll som streik, lockout, brann, manglande leveransar etc. gir Kongevegbedrifter Filefjell SA rett til å heve aktiviteten utan erstatningsansvar.

Kongevegbedrifter Filefjell SA Kt.nr. 2146.40.75779 info@visitkongevegen.no 2975 Vang i Valdres Org. nr. 918 332 723 www.visitkongevegen.no

5 KJØPARS PLIKTER

Deltakar på pakketurane plikter å følge vilkåra hjå den enkelte overnattingsstaden dei bur på, eller vilkåra til tilbydaren av andre tenester langs Kongevegen over Filefjell.

Deltakarane pliktar å ha på seg klede og utstyr etter forholda under vandringa/aktiviteten.

Deltakar på pakketurane pliktar å ha omtanke for Kongevegen som kulturminne og skal ikkje gjere skade på veglegemet og/eller tilhøyrande anlegg, eller endre noko på kongevegen og dens anlegg.

Deltakarane skal ta all søppel/avfall/flasker med seg og levere i godkjend bosscontainer/avfallstad. Ingenting skal etterlatast langs kongevegen eller i naturen.

 

6 SELGARS PLIKTER

Kongevegbedrifter Filefjell SA plikter å legge til rette for at innhaldet i pakkene blir tilstrekkeleg kommunisert ut til tilbydarane slik at kunden får det han/ho har betalt for.

Ved kjøp av ei pakkereise gjeld pakkereiselova. Kongevegbedrifter Filefjell SA har stilt garanti til Reisegarantifondet (RGF).

Reisegarantifondet
Boks 227 Sentrum
4001 Stavanger
Telefon: 51 85 99 40
E-post: firmapost@rgf.no
www.rgf.no

Lov om pakkereiser og reisegaranti mv.

 

VILKÅR FOR DAGSAKTIVITETAR

Bindende reservasjon dagsaktivitet
Ein reservasjon er bindande så snart stadfesting blir sendt til gjesten og betalinga er gjennomført. Det er gjestens ansvar å kontrollera at ankomst og avreisedato samt alt anna som er vesentleg for bestillinga, er korrekt.

Betaling for dagsaktivitet
Gjesten skal betale 100 % av aktivitetskostnaden ved bestilling via www.visitkongevegen.no. Gjesten skal ta med og vise bestillingsbekreftelsen ved ankomst/ved førespurnad. All betaling skjer i norske kroner.

Den reisandes eigen reiseforsikring vil gjelde viss sjukdom oppstår og bestillinga må kansellerast.

Avbestilling dagsaktivitet
Gjesten kan avbestille til Kongevegbedrifter Filefjell SA. Dersom avbestilling skjer før kanselleringsfristen, blir heile beløpet, med fråtrekk av evt. gebyr som booking- og/eller betalingssystem har teke for å effektuere bestillinga.

Dersom reservasjonen avbestilles/endrast etter kanselleringsfristen, blir ikkje beløpet refundert. Endringar er ikkje tillete etter kanselleringsfristen.

I tilfelle sjukdom, tap av eller skade på reisegods, ulukke, erstatningsansvar og lignande, anbefaler me alle våre kunder sjølv å sørge for gode forsikringsavtalar før reisa/før han eller ho tek del i aktiviteten.

Avbestillingsfrist for våre ulike dagsaktivitetar:

  • Guida vandring Gamle Lærdalsøyri: 3 dagar før aktivitetens start
  • Borgund stavkyrkje og Vindhella med guide: 3 dagar før aktivitetens start
  • Sykkel, pub og stavkyrkje: 3 dagar før aktivitetens start
  • Dagspakke Guida tur Borgund stavkyrkje-Vindhella-lunsj Husum-Øygardsvegen-Galdane: 1 veke før start
  • Aktivitetar frå Norway's Best selt av Kongevegen: 48 timar

Alle andre dagsaktivitetsprodukt på sida «Aktiviteter» på www.visitkongevegen.no blir levert av våre partnarar i Kongevegen bedriftsnettverk og desse partnaranes avbestillingsreglar gjeld for desse produkta.

Risiko:

Kongevegbedrifter Filefjell SA fråseier seg økonomiske plikter som følge av skade på personar/utstyr.

Deltakelse i alle Kongevegens turpakker og aktiviteter er på eigen risiko.