Turpakke er enklast og billigast
Velger du å kjøpe ei turpakke frå visitkongevegen i staden for å organisere turen sjølv kjem du til duk og dekka bord og slepp unna eventuelle overraskingar.
Vi har tilpassa alt frå lengde på dagsetappane til kvar det er tilgjengelege overnattingsstadar medan du vandrer. Du går akkurat passe langt kvar dag, du får tilgang til sykkel og transport - og ting står klart for deg når du kjem fram til overnattingsplassane.
Det går sjølvsagt fint å organsiere turen sjølv! Men av og til opplever me at sjølvorgansierte vandrarar støter på overraskingar når det gjeld lengde, bering av bagasje, mangel på overnattingar osb. Nokre gonger ender desse opp med ei ekstra drosjerekning. Dermed vart turen dyrare enn den ville blitt med ei turpakke.
Prisane i turpakkene er dei same som om du skulle bestille alt sjølv direkte frå verksemdene. Grunnen er at visitkongevegen får kommisjon frå bedriftene. Me legg ikkje ekstra kostnadar på deg som gjest.
Desse råda gjeld ikkje deg som vil bu i telt og hengekøyer undervegs. Då er det berre å finne ein plass, så lenge du følger reglar for overnatting på innmark og utmark.
God tur! Og har du spørsmål, ta kontakt via info@visitkongevegen.no