STATENSVEGVESEN-KONGEVEGEN-21931.jpg

Vegen som knytte aust og vest saman

Kongevegen over Filefjell vart bygd i 1790-åra og var den første køyrevegen (hest og kjerre) mellom Austlandet og Vestlandet og Christiania-Bergen. Vegen erstatta den gamle ride- og kløvjevegen frå mellomalderen og postvegen frå 1600-talet.

Strekninga over Filefjell, mellom Vang og Lærdal, vart opparbeidd i åra mellom 1790 og 1794. Det vart den meste spektakulære vegstrekninga av kongevegen. Det bratte landskapet gjennom Lærdal baud på store utfordringar. I dalsidene måtte vegen leggjast på høge murar, fleire stader med svært bratt stigning.

Bakgrunnen for vegen var at i perioden 1660–1814 gjekk Norge frå eit hovudvegsystem basert på ride- og kløyvjevegar til køyrevegar. Køyrevegar vart bygd på kongeleg forordning – kongevegar – for å kunne frakte embetsfolk raskast mogleg mellom dei store byane.

Det er vegane mellom stiftsstadane som tel. Difor er det berre 4 kongevegar i Norge.

Vegbygginga vart leia av generalvegmeister Christopher Hammer i Bergens Stift og generalvegintendant Peder Anker i Akershus Stift, og arbeidet vart utført av soldatar. Bøndene måtte delta på pliktarbeid, noko dei ikkje var spesielt glade for.

Men heilt sidan menneska byrja å busette seg i dette landet, har Filefjell vore den mest nytta ferdsleåra mellom aust og vest i Sør-Norge. Ei rekkje spor viser ferdsel alt i steinalderen. I bronsealderen kan bronse ha blitt frakta over fjellet til vidareforedling ved Spangelo i Borgund. I jarnalderen vart Filefjell sentral for jarnutvinning og det vart etablert faste ferdslevegar. Fleire såkalla saltmann- eller sildemannsvegar gjekk her, og frå mellomalderen kjenner me dei mange kongeferdene over Filefjell.

I mellomalderen fekk ruta ry på seg for å vere blant dei vanskelegaste og farlegaste i landet. Det var stor trong for utbetringar, slik at transport og ferdsle vart lettare, ikkje minst for dei mange offentlege tenestemenn som farta i danskekongen si teneste seinare på 16- og 1700-talet. Frå den tida er det bevart fleire reiseskildringar som fortel om den strabasiøse og til tider farlege reisa.

Kongevegen over Filefjell var eit storstilt samferdsletiltak i si samtid og ein viktig lekk i moderniseringa av landet. Vegen starta i Christiania (Oslo), heldt fram til Hønefoss og Valdres. På vestsida av Filefjell enda vegen på Lærdalsøyri, der ferda gjekk vidare med båt til Gudvangen eller med båtskyss og skip direkte til Bergen.

Kongevegen er bygd etter dåtida sin ideologi for vegbygging – «det franske prinsipp» - med mest mogleg rett lineføring, god drenering og ei godt oppbygd vegbane. Breidda var 4 meter. Slik start ingeniørane sin tidsalder, som frå no av skulle reformere den moderne vegbygginga. I åra som kom vart kongevegen lagt om og endra fleire gonger, og vegen over Filefjell bytte namn først til Bergenske Hovudvej, så til Riksveg 60, deretter E68 og i dag E16. 

I dag rangerar Kongevegen over Filefjell blant dei finaste veghistoriske kulturminna i Europa. Den er bygd for hand med enkle reiskap i ei tid der dynamitten ikkje var teken i bruk. Vegen går frå det tronge og dramatiske fjordlandskapet inst i Sognefjorden via høgfjellet på Filefjell og ned til innlandsbygdene i Valdres.

Den 10 mil lange turvegen som er etablert langs Kongevegen går mellom Vang i Valdres i aust og Lærdalsøyri i vest. Vegen tek deg gjennom nokre av dei vakraste landskapa i Noreg. Ei reise mellom landsdelane med den historiske kongevegen som ein gjennomgåande raud tråd.

Turvegen er ein variert tur gjennom fjord, fjell og innlandsdal. Kring halvparten av 100 km går på den autentiske vegen frå 1790-åra eller etterfølgaren frå 1840-åra. Her opplever du vegbygging med rett linjeføring oppforbakke og nedforbakke. Her opplever du dramatiske landskap gjennom ur med hengebratte fjell over deg og elva under deg. Her kan du gå fleire kilometer på grasgrodd vegbane.

Kongevegen over Filefjell vart i 2017 tildelt EU sin viktigaste kulturminnepris, Europa Nostra. I tillegg mottok Kongevegen Grand Prix-premien, og vart slik den fremste av Europa Nostra-vinnarane 2017.

I tillegg vart Kongevegen nummer to i folkerøystinga om den store publikumprisen. Folk frå heile Europa deltok i røystinga.

I 2015 fekk Kongevegen over Filefjell «Vegdirektørens pris», også kalla «Vakre Vegars Pris».

Planlegg turen din

Turvegen langs Kongevegen over Filefjell har varierande underlag av grus, gras, sti og asfalt. Vegen kan både vandrast og syklast, men ver merksam på at anbefalt sykkelrute stadvis har ei anna trasé enn vandreruta. Det er ynskeleg at du ikkje nyttar den originale Kongevegen som sykkelrute. For mykje sykkelbruk forringar kulturminnet Kongevegen. Bruk heller gamle E16 ved sidan av.

Sesongen for turar langs kongevegen er heile året nede i Lærdal og frå overgangen april/mai i Vang. Over høgfjellet forsvinn snøen i første halvdel av juni. Juli og august er høgsesong på heile Kongevegen. September og oktober byr på flotte haustfargar og -opplevingar over fjellet.

Anbefalte etappar

Den 10 mil lange turvegen kan delast i dagsetapper eller du kan gå heile vegen. Enkelte strekningar kan du gå frå overnattingsstad til overnattingsstad, andre stadar kan det vere vel så fint å ha base hjå ein av overnattingsbedriftene og ta dagsturar derifrå.
Nokre spesielt flotte etappar og rundturar me kan anbefale:

#Kvamskleiva
#Øye stavkyrkje – Tyinkrysset
#Kyrkjestølen – Maristova
#Maristova-Borlaug
#Vindhellavegen
#Galdane
#Gamle Lærdalsøyri
#Vindhellavegen – Sverrestien (rundtur)
#Galdane – Seltunåsen (rundtur)

© Copyright Kongevegbedrifter Filefjell SA